Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

I dette heftet skal elevane rett og slett øve seg på å skrive siffer og tal på riktig måte. På kvar linje skal dei skrive sifferet/talet så mange gongar dei får plass til. På kvar linje skal dei òg teikne ein sirkel rundt det sifferet/talet som blei finast. Dette for å gjere dei bevisste på korleis tala skal sjå ut og for å skrive så fint dei kan undervegs.
Til min store overraskelde er det nokre elevar i kvar gruppe som faktisk ELSKAR å arbeide med finskrift. Kanskje fordi dette er noko alle elvane føler dei meistrar uansett korleis dei skriv?
Eg har delt inn fila i fleire delar:
– Siffer 0-9
– Tala 10-20
– Tala 20-50
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbruk– ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar (etter 2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 4.0 av 5 (1 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Bokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. Det er til saman 9 forskjellege prinsar/prinsesser på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for prins/prinsesse som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbruk“Sprekk boblene” er eit enkelt spel der elevane arbeidar med tiarar og einarar. Ein sjølvgåande aktivitet der elevane lærar medan dei spelar spel.
Aktiviteten er fin å ha på ein stasjon. Elevane blir berre glad dersom dei rekk å spele fleire runder.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukMultiplikasjon må først og fremst forståast, men ein bør kanskje «pugge» noko òg? Desse korta kan nyttast til det. Aktiviteten kan til dømes vere fin på stasjonar eller som «eg er ferdig»-arbeid. Korta kan nyttast på mange ulike måtar! I fila er det skildra ein måte å gjere det på 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDette er ei samling med terningspel eg har samla opp gjennom som øver på dei fire rekneartane. Fila kjem til å bli oppdatert etterkvart som eg kjem borti og lærer meg nye spel. Send meg gjerne ei melding om du kan eit spel som ikkje er med her 🙂 Sjå på oversikta over spel i bileta her – det er færrast spel til divisjon.
Set korta på ein ring eller legg dei i ei boks og ha det lett tilgjengeleg. Bruk spela som ein stasjon, anten der du har bestemd spel på førehand eller elevane får trekkje sjølv. Ein kan òg nytte dette som ein fellesaktivitet i klasserommet der alle elevane skal spele anten det same spelet eller ulike spel samstundes. Alle spela har informasjon om «spelets slutt» der ein både kjem seg i mål og der tida er ute, slik det skal passe til ulike situasjonar.
I tillegg til instuksjonskortet og ulike terningar treng elevane noko å skrive på og med, hundrerrute, multiplikasjonstabell og brikker (ingen bestemd type). Til eit par spel kan det òg vere nyttig med eit skjema, men dette er ikkje nødvendig dersom barna klarar å lage same oversikta på eit ark sjølv 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukEit superenkelt spel som kan nyttast både som enkeltståande aktivitet eller som ein aktivitet som ein del av stasjonsarbeid.
Gjennom å spele får elevane arbeidd med tiarvener og det einaste du treng er eit spelbrett til kvar spelar, 6 spelbrikker til kvar spelar og éin terning.
Elevane byt på å kaste terningen. Dei finn tiarvenen til talet som visast på terningen og legg brikka si på dette talet på spelbrettet. Dersom der allereie ligg ei brikke, får dei ikkje lagt ned noko. Spelaren som først har lagt ned alle sine brikker/fylt brettet sitt vinn spelet.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukI dette spelet skal elevane øve seg på å veksle pengar oppover. Altså, at dei får meir og meir.
Spelet er enkelt og lett å lære seg. Elevane kan nytte dette på stasjonar når ein har arbeidd litt med veksling slik at i alle fall nokre på gruppa har kontroll og ev. kan hjelpe medelevane sine. Spelet gir mest øving når det blir spelt i par, men det er mogleg å spele 3 eller 4 òg.
Ein kan bestemme kor mange terningar elevane skal nytte når dei spelar. Eg nyttar gjerne to eller tre. Då går spelet litt fortare, men dei får òg øving i å leggje saman summen på terningane.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Anonym –