Kva er dette?
«Kva om…?» er ei samling med 48 gjennomillustrerte samtalekort på nynorsk. Korta inneheld morosame, tankevekkjande og engasjerande hypotesar og spørsmål som set fart på fantasien og praten i klasserommet.
Kva følgjer med?
- 48 nummererte og fargerike samtalekort med illustrasjonar
- Kort på nynorsk med ope formulerte «kva om»-spørsmål
Sjølve materiellet er på nynorsk.
Korleis bruke materiellet i klasserommet?
- Makkarsamtale: Trekk eit kort og la elevane diskutere to og to i nokre minutt før felles oppsummering.
- Stasjonsarbeid: Legg ut korta på ein munnleg stasjon der elevane trekkjer etter tur.
- Skrivestartar: Bruk korta som utgangspunkt for kreativ skriving eller morgonrutine.
- Hjørneaktivitet eller bevegelse: Les opp eit spørsmål og la elevane gå til ulike stader i rommet for å grunngje tankane sine.
Ferdigheiter og kompetansemål
Opplegget styrkjer elevane sine munnlege ferdigheiter, ordforråd, fantasi og evne til å lytte til og grunngje eigne meiningar.
Kven passar det for?
Materiellet passar godt for elevar på 1.–7. trinn i faga norsk og tverrfagleg arbeid med folkehelse og livsmeistring.






Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.