Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – tallinje.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
Som vaksen så ser vi at det fort kan bli relativt likt, men det er kanskje berre fint?
kr35.00
Rapporter misbruk– utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag (etter 2. trinn)
– plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing (etter 2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Bokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. I denne fila finn du 3 sett med bokstavkort der kvart sett har ulik bakgrunn. På denne måten er det lett å skilje setja frå kvarandre.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukTalforståing er viktig i matematikken. I denne fila finn de to spel som øver på talforståing i talområda 0-10 og 0-20. Her får dei øve seg på å telje, skrive tal, finne kva tal som kjem før/etter og vise talet med ei mengde.
Spelt «Båtrace» går på talområdet 0-10, medan spelet «Fiskedammen» går på talområdet 0-20 med fokus på dei tosifra tala som vi veit er litt ekstra vanskeleg. Konseptet på spela er lik. Ein legg ein del brikker i midten av brettet og bestemmer kven som er først. Spelaren spinner spinneren og flyttar brikka si tilsvarandre antal ruter som feltet i spinneren viser. Spelaren gjer så oppgåva som står i feltet. Om oppgåva blir løyst korrekt får spelaren ta ei brikke frå midten av brettet. Når alle brikkene er tatt frå midten er det spelaren med flest brikker som har vunne spelet.
Til begge spela er det laga eit regelark som er fint å ha saman med spelet. Då kan ev. vikarar, assistentar eller andre vaksne som er innom hjelpe til med reglane dersom elevane blir usikre eller ueinige.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får ein arbeidd med det å skrive forteljingar, skumle forteljingar. Temaet er perfekt rundt halloween, men sjølvsagt mogleg å arbeide med elles òg!
Elevane får trekkje stad, karakterar, problem og gjenstandar som skal vere med i forteljinga. På denne måten er ein ikkje avhengig av at alle elevane kjem med eigne idèar eller brukar lang tid på å tenkje kva dei skal skrive om. Det følg med 4 arbeidsark der ein får arbeidd meir med staden og karakterane i tillegg til oppbygging av forteljinga før skrivearbeidet startar.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr49.00
Rapporter misbrukI dette «spelet» skal elevane øve seg på å kjenne att mengder.
Tala 1-10 har fått kvar sitt brett. På brettet med talet 2 skal elevane leggje ei brikke på alle representasjonane som viser mengda til 2. Mengdene blir vist med symbol, tierramme, terning, fingrar, terning, prikkar og teljestrekar.
Aktiviteten kan vere fin å nytte på stasjonar og vil kunne vere sjølvgåande etter introduksjon.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDette er ei oversikt over hundrarruta som kan hengast på veggen i stort format. Skriv ut på anten A4 eller A3 og pusle arka saman slik det blir heile tabellen på veggen. Fint å ha noko å støtte seg på for barna når dei arbeidar. Tabellen kan òg nyttast når ei skal telje saman i kor eller arbeide med mønster/samanhenger.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda