Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

I denne halloween-bingoen får elevane arbeidd med det å kople ulike representasjonar for mengder i talområdet 0-10. Det er laga seks ulike bingo-brett og du finn dei både med og utan fage. Nytt det som passar deg best 🙂
7 ulike representasjonar!
Elevane skal trekkje eit og eit kort som viser ei talmengde ved hjelp av ein representasjon (talstmbol, terning, tierramme, Bjørnar, base10, teljestrekar, talord). Eleven som trekk kortet får dekkje tilsvarande rute på brettet sitt med ei brikke. Du kan ev. bestemme at alle elvane som er med på spelet får dekke si rute. Kortet som har blitt trekt leggast tilbake i trekkbunken (ikkje nødvendig om ALLE får markere si rute) og spelet går vidare. Om eleven trekk eit gresskar vil dei kunne velgje kva for gresskar dei skal dekkje.
Vinnaren av spelet er den spelaren som har fylt flest rader (nedover) når tida for å spele er brukt opp, eller ev. får fylt alle rutene sine først.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukKompetansemål:
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Her er fleire ulike tallinjer, både lukka og open og i ulike talomårde. Der er òg ei som er heilt open slik at den kan tilpassast akkurat det reknestykket eleven arbeidar med.
Skriv ut og laminer og elevane kan nytte whiteboardtusjar til å skrive på og deretter viske ut. I lengda sparar det miljøet mykje samanlikna med å skulle teikne på tallinjer på ark kvar gong.
På siste side finn de ei tallinje til 100 som er delt opp i fire delar. Her er tanken at ein kan setje saman dei ulike delane for å få ei tallinje til anten 50, 75 eller 100 med einarane markert, for dei som treng det 🙂
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukKorta her handlar om talrekkjer og teljing med 10 og 100 om gongen. De finn to ulike nivå. Nivå 1 har 0 på einarplassen i alle tal. Nivå 2 har einarar. Skriv gjerne ut dei ulike arka i kvar sine fargar for å skilje korta frå kvarandre.
Ein kan nytte korta på ulike måtar:
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukDesember betyr adventsstund! I skulen òg.
Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande.
Nokre nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der ein har ulike gåver/fine ord/små aktivitetar. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
Deling og salg er ikke tillatt, så send heller linken til de du vil dele med slik de får kjøpt det selv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukI denne pakken finn du aktivitetane “Trekk og bygg”, “Trekk, bygg og adder” og “Trekk, bygg og subtraher” til ein samla pris som gir noko rabatt 🙂 Ein øver seg på å byggje opp tal med einarar, tiarar og hundrarar og nyttar dette i arbeidet med addisjon og subtraksjon. Super “bru” frå leik og utforsking inn til standardalgoritma.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukDette er ein samlepakke med alle opplegga mine om temaet tid, kalender og klokka.
Opplegga passar fint til stasjonsarbeid.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr120.00
Rapporter misbrukElevane skal her nytte ein whiteboard-tusj til å skrive på tala som kjem før og etter tallet på kortet. Det kan vere greitt å ha ei tallinje eller ei hundrarrute (alt etter kva elevane er vande med) som elevane kan sjå på for å få hjelp i arbeidet sitt.
Opplegget er i talområde 0-100.
Perfekt i stasjonsarbeid!
FUNGERAR FINT BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda