Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Her er fem bingospel i talområdet 0-10 med fem ulike representasjonar. Elevane skal trekkje eit talkort og deretter sjå om dei har talet på brettet sitt. Dersom dei har det får dei leggje ei brikke oppå det akutuelle talet. Ein kan bestemme om det berre er spelaren som trekk kortet eller om det er alle som får leggje ei brikke på sitt tal. Det er om å gjere å få fylt brettet sitt først.
Båtbingo: Symbol – prikkar
Cookiebingo: Symbol – fingrar
Ananasbingo: Symbol – teljestrekar
Klubbebingo: Symbol – terningar
Orangebingo: Symbol – tiarramme
«Klubbe» er mitt dialektord for «kjærlighet på pinne» 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Dette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – dobling og halvering. Det er lagt til to nivå, A og B, der spel A er i talområde 0-20, medan spel B er i talområde 0-100.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
kr35.00
Rapporter misbrukDette er ei oversikt over multiplikasjonstabellen som kan hengast på veggen i stort format. Skriv ut på anten A4 eller A3 og pusle arka saman slik det blir heile tabellen på veggen. Fint å ha noko å støtte seg på for barna når dei arbeidar. Tabellen kan òg nyttast når ei skal telje saman i kor eller sjå samanhengar mellom dei ulike multiplikasjonstabellane.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMultiplikasjon består av ei rekkje mønster elevane bør sjå/oppdage for å få forståing for temaet. Her har eg laga klart hundrerruter som tek for seg stegteljing (multiplikasjon) med tala 2-10. Dei kan anten hengast opp på veggen eller delast ut til elevane, eller ev. nyttast som fasit på stegteljingoppgåver.
Eg har òg eit produkt med å fargeleggje mønstera sjølv. Trykk på linken her for å kome direkte til dette. I same fil finn de endå ein aktivitet i tillegg til to spel.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukDette er ein samlepakke med alle produkta mine i serien “klasseromsdekor – regnboge”. Samlepakken vil gi deg nesten 70 kr i rabatt samanlikna med å kjøpe alle produkta for seg. Tjohei!
Du finn dag og dato, dagsplan, teljing av skuledagar, bokstavplakatar, alfabetsporing, tallplakatar, tallinje og vêr.
Sjå meir informasjon under!
ALT ER BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Noko er òg på engelsk og samisk.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr194.00 Opprinnelig pris var: kr194.00.kr125.00Nåværende pris er: kr125.00.
I regn rommet heng ein opp oppgåvekorta rundt om i rommet, ev. ute dersom vêret tillet det eller ein likar å vere ute uansett vêr, og elevane går rundt med eit notatark. På kvart oppgåvekort er det bilete av ein gjenstand saman med oppgåva, gjenstanden viser til kvar på notatarket dei skal skrive løysinga på oppgåva. Er det bilete av ein bil på oppgåvekortet skal dei skrive løysinga si ved sida av bilen på notatarket.
Det finnast tre ulike fargeversjonar på korta, alt etter kor mykje farge ein likar eller kommunen tillet at ein nyttar 🙂
Aktiviteten kan fint nyttast som ein aktiv stasjon i stasjonsundervisninga, men kan òg nyttast som ein sjølvstendig aktivitet.
BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDette er ei oversikt over hundrarruta som kan hengast på veggen i stort format. Skriv ut på anten A4 eller A3 og pusle arka saman slik det blir heile tabellen på veggen. Fint å ha noko å støtte seg på for barna når dei arbeidar. Tabellen kan òg nyttast når ei skal telje saman i kor eller arbeide med mønster/samanhenger.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda