Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Her er fem bingospel i talområdet 0-10 med fem ulike representasjonar. Elevane skal trekkje eit talkort og deretter sjå om dei har talet på brettet sitt. Dersom dei har det får dei leggje ei brikke oppå det akutuelle talet. Ein kan bestemme om det berre er spelaren som trekk kortet eller om det er alle som får leggje ei brikke på sitt tal. Det er om å gjere å få fylt brettet sitt først.
Båtbingo: Symbol – prikkar
Cookiebingo: Symbol – fingrar
Ananasbingo: Symbol – teljestrekar
Klubbebingo: Symbol – terningar
Orangebingo: Symbol – tiarramme
«Klubbe» er mitt dialektord for «kjærlighet på pinne» 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Elevane nyttar kuber til å byggje ulike figurar med halloween-tema. Når dei har bygd figuren skal dei telje kor mange brikker dei har brukt av kvar farge og skrive dette på sida. På denne måten får ein kombinert finmotorikk med teljetrening. Figurane vil vere i same størrelse som faktiske teljekuber og dei fleste typar teljekuber med ulike fargar kan nyttast.
Figurane i svart/kvitt er laga for at elevane skal kunne bestemme korleis figurane skal sjå ut sjølv. Då kan dei leggje ein kube av kvar av dei aktuelle fargane ved dei blanke kubane på sida før dei skriv talet på kor mange det er.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukDette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – tallinje.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
Som vaksen så ser vi at det fort kan bli relativt likt, men det er kanskje berre fint?
kr35.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får elevane arbeidd med rutenett. Her er to arbeidsark.
Det første arket er eit reint utstyllingsark der elevane skal finne ut kva som er i rutene etter gitte «koordinatar» (heiter det det når vi pratar om rutenett?) og finne «koordinatane» til gitte objekt.
Det andre arket er laga for at elevane skal lage sitt eige kart og plassere ut eigne objekt. Sei gjerne at dei skal skrive fasiten på oppgåvene i eiga skrivebok slik at karta deira kan bli nytta som oppgåver til andre. Laminer og saml dei i ei boks som elevane har tilgjengeleg. Superkjekt å gjere oppgåver som andre i klassa har laga!
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. På kvart kort er det ein illustrasjon av eit gresskar.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir info under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbruk“Sprekk boblene” er eit enkelt spel der elevane arbeidar med tiarar og einarar. Ein sjølvgåande aktivitet der elevane lærar medan dei spelar spel.
Aktiviteten er fin å ha på ein stasjon. Elevane blir berre glad dersom dei rekk å spele fleire runder.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukDette er ei oversikt over multiplikasjonstabellen som kan hengast på veggen i stort format. Skriv ut på anten A4 eller A3 og pusle arka saman slik det blir heile tabellen på veggen. Fint å ha noko å støtte seg på for barna når dei arbeidar. Tabellen kan òg nyttast når ei skal telje saman i kor eller sjå samanhengar mellom dei ulike multiplikasjonstabellane.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda