Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette spelet kan nyttast for å bli kjend med medelevar eller ev. andre elevar og vaksne. Ein kan òg bruke spelet etter sommarferien når det er lenge sidan ein har sett kvarandre.
Utstyr:
– 2-4 spelarar
– Ei brikke til kvar spelar
– Ein terning (gjerne med tre sider)
Elevane treng kvar si spelbrikke som dei set på start-feltet. Dei byt på å kaste terning og flytte brikka si tilsvarandre antal ruter. Fortel om/gjer det som står i ruta og på denne måten bli kjend med den eller dei du spelar saman med.
Målet elevane vil føle på er sjølvsagt det å kome i mål først, men det eigentlege målet er at elevane skal bli kjend med kvarandre.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr20.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Dette er ein sjølvdreven aktivitet der elevane får øvd seg på å skrive tala 0-20 riktig. Eleven finn fram opp til seks fargar og bestemmer kva for tal som skal gi kva for farge ved å farge blyanten ved sida av det aktuelle talet. Deretter trillar eleven terningen for å bestemme kva for farge som skal nyttast for å skrive det neste talet på arket.
Ein kan òg bestemme at eleven skal spore det store talet med alle fargane dei har plukka ut før/etter dei andre tala.
Super aktivitet til bruk på stasjonar!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukBokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. I denne fila finn du 3 sett med bokstavkort der kvart sett har ulik bakgrunn. På denne måten er det lett å skilje setja frå kvarandre.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukI dette opplegget skal elevane få øve seg på å sjå samanhengen mellom ulike framstillingar av klokka – med ord, analog og digital (både formiddag og ettermiddag). Ein kan sjølvsagt velgje ut kva for kort elevane skal få utdelt for å kunne tilpasse akkurat dei elevane ein har. Det er òg ein fin måte å sjå samanheng innad kvar framstilling òg (spesielt frå 1300 på digitalklokka som mange synast er vanskeleg).
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr39.00
Rapporter misbruk“Sprekk boblene” er eit enkelt spel der elevane arbeidar med tiarar og einarar. Ein sjølvgåande aktivitet der elevane lærar medan dei spelar spel.
Aktiviteten er fin å ha på ein stasjon. Elevane blir berre glad dersom dei rekk å spele fleire runder.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får ein arbeidd med det å skrive forteljingar, krimforteljingar. Temaet er perfekt rundt påske, men sjølvsagt mogleg å arbeide med elles òg! Då kan det vere enkelte kort ein vil ta bort. Dette vil ein kanskje gjere med dei få religiøse korta som er med òg. Det tilpassar ein sjølvsagt etter eigne ønskjer og elevane sine behov.
Elevane får trekkje stad, karakterar, problem og gjenstandar som skal vere med i forteljinga. På denne måten er ein ikkje avhengig av at alle elevane kjem med eigne idèar eller brukar lang tid på å tenkje kva dei skal skrive om. Det følg med 4 arbeidsark der ein får arbeidd meir med staden og karakterane i tillegg til oppbygging av forteljinga før skrivearbeidet startar.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr49.00
Rapporter misbrukEit superenkelt spel som kan nyttast både som enkeltståande aktivitet eller som ein aktivitet som ein del av stasjonsarbeid.
Gjennom å spele får elevane arbeidd med tiarvener og det einaste du treng er eit spelbrett til kvar spelar, 6 spelbrikker til kvar spelar og éin terning.
Elevane byt på å kaste terningen. Dei finn tiarvenen til talet som visast på terningen og legg brikka si på dette talet på spelbrettet. Dersom der allereie ligg ei brikke, får dei ikkje lagt ned noko. Spelaren som først har lagt ned alle sine brikker/fylt brettet sitt vinn spelet.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda