Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Her finn du 48 oppgåvekort der kort 1-24 er i talområdet 0-20, medan kort 25-48 er i talområdet 0-100. Alle oppgåvene her øver på strategien telje vidare (med 0, 1, 2 og 3) og vi oppfordrar til å telje vidare frå høgaste addend.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukDet å ha ei eiga klokke ein kan snurre på og nytte i arbeidet med å lære seg klokka kan både vere motiverande og nyttig. I tillegg får barna moglegheita til å forstå meir om oppbygginga av klokka og 60-talssystemet medan dei lagar den.
Denne klokka blir stor og fin, og ein finn mykje informasjon på den. Du plasserar tala 1-12 på (som på ei vanleg klokke) i tillegg til at dei som ønskjer å skrive på 13-23 har moglegheit til det. Lappane som skrivast på gir informasjon om korleis ein seier kva klokka er når minuttvisaren peikar på dette talet og korleis dei to bakerste sifra på digitalklokka ville ha sett ut.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDette er eit spel der barna får eit lite innblikk i det å ha ein eigen økonomi. Dei går rundt og rundt på brettet og får trekkje kort der dei både tjener og brukar pengar. Dette gjer dei gjennom kjendte situasjonar frå sitt eige liv. Kanskje tener du 13 kr for å gå tur med hunden eller tømme søpla? Eller kanskje har du øydelagt leika til broren din med vilje og må vere med å betale for ei ny? Det er både lønningsdag og «Du har fått sparken» som kan gi litt ekstra spenning i spelet.
Her får dei både innsikt i økonomi, lesetrening og trening i å veksle i banken.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukSorteringskort med namn på månadar og årstider i tillegg til bilete med aktivitetar som høyrer til utover året.
Elevane kan få øvd på både det å plassere månadar til riktig årstid, leggje dei i riktig rekkjefølgje med ulik startmånad og få samtala/drøfta om kva for aktivitetar ein kan drive på med til kva for tid på året.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr30.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du lappar/kort med alfabetsporing. Nedst finn du bokstavane med svarte rammer dersom du ikkje vil/har moglegheit til å ha farge på.
Desse kan nyttast på fleire måtar:
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukI dette spelet skal elevane øve seg på å veksle pengar oppover. Altså, at dei får meir og meir.
Spelet er enkelt og lett å lære seg. Elevane kan nytte dette på stasjonar når ein har arbeidd litt med veksling slik at i alle fall nokre på gruppa har kontroll og ev. kan hjelpe medelevane sine. Spelet gir mest øving når det blir spelt i par, men det er mogleg å spele 3 eller 4 òg.
Ein kan bestemme kor mange terningar elevane skal nytte når dei spelar. Eg nyttar gjerne to eller tre. Då går spelet litt fortare, men dei får òg øving i å leggje saman summen på terningane.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda