Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Her finn du 48 oppgåvekort der kort 1-22 er i talområdet 0-20, medan kort 23-48 er i talområdet 0-100. Oppgåvene på desse korta går på å finne det dobbelte av eller halvparten av eit oppgitt tal. Det er annakvart kort med «det dobbelte» og «halvparten» slik at ein må lese og holde tunga rett i munnen.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukI regn rommet heng ein opp oppgåvekorta rundt om i rommet, ev. ute dersom vêret tillet det eller ein likar å vere ute uansett vêr, og elevane går rundt med eit notatark. På kvart oppgåvekort er det bilete av ein gjenstand saman med oppgåva, gjenstanden viser til kvar på notatarket dei skal skrive løysinga på oppgåva. Er det bilete av ein bil på oppgåvekortet skal dei skrive løysinga si ved sida av bilen på notatarket.
Det finnast tre ulike fargeversjonar på korta, alt etter kor mykje farge ein likar eller kommunen tillet at ein nyttar 🙂
Aktiviteten kan fint nyttast som ein aktiv stasjon i stasjonsundervisninga, men kan òg nyttast som ein sjølvstendig aktivitet.
BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette brettspelet skal elevane skal elevane flytte brikka si rundt bordet og runde av tala dei landar på til anten næraste tiar eller næraste hundrar (eit brett for kvar av desse). Det er sjølvsagt om å gjere å lære mest, ikkje å kome først i mål.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukVinter? Øve på tala til 50 og/eller alfabetet? Perfekt!
I denne pakken finn de både tal- og bokstavkort med snømanntema. Det er òg lagt ved ordentstal til 31. dersom nokon ønskjer å nytte dei i kalenderen sin. Alle korta er både i farge og i svart/kvitt.
Korta kan nyttast på ulike måtar. Ein kan sortere dei i rekkjefølgje (treng ikkje anna enn korta) eller ein kan nytte aktivitetane «finn dei manglande tala/bokstavane i rekkja» og «trekk eit tal/bokstav og skriv dei neste i følgja/dei som kjem før og etter» som ein finn fysiske kort til her. Ark med øving på bokstav- og talforming finn de òg. Alle desse aktivitetane er sjølvdrevne og derfor fin å kunne ha på stasjonar. Det finnast sikkert mange fleire måtar å nytte materiellet her på – her er det berre å vere kreativ!
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr59.00
Rapporter misbrukI dette spelet skal elevane øve seg på å veksle pengar oppover. Altså, at dei får meir og meir.
Spelet er enkelt og lett å lære seg. Elevane kan nytte dette på stasjonar når ein har arbeidd litt med veksling slik at i alle fall nokre på gruppa har kontroll og ev. kan hjelpe medelevane sine. Spelet gir mest øving når det blir spelt i par, men det er mogleg å spele 3 eller 4 òg.
Ein kan bestemme kor mange terningar elevane skal nytte når dei spelar. Eg nyttar gjerne to eller tre. Då går spelet litt fortare, men dei får òg øving i å leggje saman summen på terningane.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda