Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Areal 1 er oppgåvekort der elevane skal finne arealet til figurar bygd opp ruter dei skal telje. Halvparten av oppgåvene er arealet i eit rutenett, medan andre halvpart er lausrive frå rutenettet. Oppgåvene på desse korta går som sagt på å telje seg fram til arealet. Dei passar derfor til elevar som har lært litt om areal men som framleis er på «telje antal einingar»-stadiet.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukOppgåvekort kan nyttast på mange ulike måtar. Her er nokre forslag:
– måle og samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar, beskrive korleis og samtale om resultata (2.trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Klasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du lappar med dei ulike faga og vanligste aktivitetane vi driv på med i skulen, i tillegg til både analog og digital klokke som kan nyttast saman med fagkortet til dei ulike øktene dine.
Skriv på klokkene med ein whiteboard-tusj slik du kan endre desse ved behov 🙂
Du finn alle korta med både små og store bokstavar.
Det eg likar aller best er arket med. «Ikkje i klasserommet? Du finn oss her: .» som er fin å henge opp ved døra i tilfelle nokon kjem seint, tilbake etter ein tannlegetime eller nokon andre leitar etter deg og klassa di 🙂
Samlepakke? Sjekk den ut!
Ønskjer du ein dagsplan utan bilete? Sjekk ut den her!
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr39.00
Rapporter misbrukDette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukPlakatar til å henge opp i klasserommet for hjelpe elevane med dei to reglane vi har for partal og oddetal.
Etter eg hadde hengt opp mine (som kom veldig høgt på veggen pga veggplass) fann eg ut at eg vil skrive dei ut i halvparten av størrelsen òg for å setje på ein ring. Desse korta kan vi då enklare bruke på stasjonar og når elevane arbeidar.
Du finn dei både på bokmål og nynorsk i same fil.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbruk“Sprekk boblene” er eit enkelt spel der elevane arbeidar med tiarar og einarar. Ein sjølvgåande aktivitet der elevane lærar medan dei spelar spel.
Aktiviteten er fin å ha på ein stasjon. Elevane blir berre glad dersom dei rekk å spele fleire runder.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukAv og til er det hensiktsmessig at elevane er med på å dele opp i grupper slik dei er sikre på at gruppene er tilfeldige. Då er det kjekt med kort å trekkje.
I denne fila finn du 9 ulike sett med kort som kan vere fine å nytte til tilfeldig gruppeinndeling.Nokre av setta er laga slik at det berre er å skrive ut dei aktuelle sidene og deretter er dei tilpassa antal grupper og antal elevar i kvar gruppe som er spesifisert. Dei andre setta er laga som at ein kan ha eit gitt antal grupper og så skriv ein ut like mange eksemplar av sidene som ein ønskjer å ha elevar i kvar av gruppene.
kr19.00
Rapporter misbrukHer finn de ulike ark ein kan nytte som arbeidsmatte når ein skal halde på med arealmodellen for multiplikasjon. Skriv gjerne ut på ulike fargar om ein ønskjer å ha fleire av mattene i klasserommet samstundes. Då er det enklare for elevane òg å skilje dei mellom kvarandre. Det kan vere greit å laminere eller leggje inn i plastmapper slik at elevane kan skrive på med tusj og deretter ta det bort.
Ein kan nytte konkretar for å representere tal i dei ulike rutene, eller ein kan skrive direkte inn i dei.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda