Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er ein samlepakke med alle produkta mine i serien “klasseromsdekor – regnboge”. Samlepakken vil gi deg nesten 70 kr i rabatt samanlikna med å kjøpe alle produkta for seg. Tjohei!
Du finn dag og dato, dagsplan, bokstavplakatar, alfabetsporing, tallplakatar, tallinje og vêr.
Sjå meir informasjon under!
ALT ER BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Noko er òg på engelsk og samisk.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr175.00 Opprinnelig pris var: kr175.00.kr109.00Nåværende pris er: kr109.00.
Dag og dato: både på bokmål, nynorsk og engelsk. Alt er både i små og store bokstavar slik du kan tilpasse det som passar deg og dine elevar.
Dagsplan: lappar med dei ulike faga og vanligste aktivitetane vi driv på med i skulen, i tillegg til både analog og digital klokke som kan nyttast saman med fagkortet til dei ulike øktene dine.
Bokstavplakatar: både med skrivemåte og illustrasjonar av ord som startar på den aktuelle bokstaven.
Bokstavsporing: lappar/kort med støtte til sporing til kvar enkelt bokstav. Både med farga kant, og i svart/kvitt-versjon.
Talplakatar: både med skrivemåte og fire representasjonar til kvart tal. Plakatane er i talområdet 0-20.
Tallinje: enkel tallinje frå 0-103 (berre fordi det passa med sidene å fortsetje til 103).
Vêr: det du treng for å prate om vêret den aktuelle dagen. GRATIS OM DU VIL SJEKKE UT FARGANE 🙂
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Plakatar med ulike strategiar for rekning av addisjon som kan hengast på veggen som klasseromsdekor, festast på ein ring for å ha på stasjonar og liknande. Målet er å gjere elevane bevisste på kva for strategiar dei sjølv nyttar og om det kanskje er ein annan strategi som kan vere meir hensiktsmessig å nytte?
Sjå lenger beskrivelse for kva for strategiar som er med i fila.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr59.00
Rapporter misbrukDette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna kjenne att bokstavane og deretter farge den aktuelle delen etter fargekorden øvst på arket.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt bokstavane ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukBokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. I denne fila finn du 3 sett med bokstavkort der kvart sett har ulik bakgrunn. På denne måten er det lett å skilje setja frå kvarandre.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukDette er eit spel der barna får eit lite innblikk i det å ha ein eigen økonomi. Dei går rundt og rundt på brettet og får trekkje kort der dei både tjener og brukar pengar. Dette gjer dei gjennom kjendte situasjonar frå sitt eige liv. Kanskje tener du 13 kr for å gå tur med hunden eller tømme søpla? Eller kanskje har du øydelagt leika til broren din med vilje og må vere med å betale for ei ny? Det er både lønningsdag og «Du har fått sparken» som kan gi litt ekstra spenning i spelet.
Her får dei både innsikt i økonomi, lesetrening og trening i å veksle i banken.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du det du treng til dag og dato både på bokmål, nynorsk og engelsk. Alt er både i små og store bokstavar slik du kan tilpasse det som passar deg og dine elevar.
Sjå meir informasjon under!
BÅDE PÅ BOKMÅL, NYNORSK OG ENGELSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda