Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – dobling og halvering, telje vidare og tallinje.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
Som vaksen så ser vi at det fort kan bli relativt likt, men det er kanskje berre fint?
kr90.00
Rapporter misbrukDu finner kvart enkelt produkt for seg på desse linkane:
– utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag (etter 2. trinn)
– plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing (etter 2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 4.5 av 5 (2 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Korta her handlar om talrekkjer og teljing med 10 og 100 om gongen. De finn to ulike nivå. Nivå 1 har 0 på einarplassen i alle tal. Nivå 2 har einarar. Skriv gjerne ut dei ulike arka i kvar sine fargar for å skilje korta frå kvarandre.
Ein kan nytte korta på ulike måtar:
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukDet å ha ei eiga klokke ein kan snurre på og nytte i arbeidet med å lære seg klokka kan både vere motiverande og nyttig. I tillegg får barna moglegheita til å forstå meir om oppbygginga av klokka og 60-talssystemet medan dei lagar den.
Denne klokka blir stor og fin, og ein finn mykje informasjon på den. Du plasserar tala 1-12 på (som på ei vanleg klokke) i tillegg til at dei som ønskjer å skrive på 13-23 har moglegheit til det. Lappane som skrivast på gir informasjon om korleis ein seier kva klokka er når minuttvisaren peikar på dette talet og korleis dei to bakerste sifra på digitalklokka ville ha sett ut.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDei fleste tel skuledagar, spesielt på 1. trinn. Dette kan gjerast på utruleg mange måtar. Eg har likevel fått ein ELSK på denne måten å gjere det på! Mi erfaring, og dei tilbakemeldingane eg har fått, seier at barna gjennom denne oversikta får ei større forståing for kvifor vi får ein tiar, samanlikna med når ein nyttar dei typiske sugerøra.
BÅDE PÅ BOKMÅL, NYNORSK OG ENGELSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDette er ein samlepakke med alle produkta mine i serien “klasseromsdekor – regnboge”. Samlepakken vil gi deg nesten 70 kr i rabatt samanlikna med å kjøpe alle produkta for seg. Tjohei!
Du finn dag og dato, dagsplan, teljing av skuledagar, bokstavplakatar, alfabetsporing, tallplakatar, tallinje og vêr.
Sjå meir informasjon under!
ALT ER BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Noko er òg på engelsk og samisk.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr194.00 Opprinnelig pris var: kr194.00.kr125.00Nåværende pris er: kr125.00.
Arbeidsark der elevane skal skrive inn tala som manglar i talrekkjene. Arka som er i talområde 0-10 og 10-20 har berre rekkjer der ein tel med éin om gongen, medan dei arka som er i talområde 10-100 og 100-1000 har ulike stegtellingar som elevane må finne fram til før dei kan fylle inn dei manglande tala.
Det følg med fasit til alle arbeidsarka dersom ein ønskjer at elevane skal «rette» seg sjølv.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukLappar til å henge rundt den analoge klokka for å hjelpe elevane å sjå kor mange minutt det er sidan klokka var heil og dermed gjere det enklare å kople analog og digital klokke saman. I tillegg ser det veldig fint ut i klasserommet 🙂
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Inga-Lill –
Hilde Kristin Grønn –