Handlekurv

MENY
MENY

Sommertall – arbeid med tallene til 50 – Sommertema sol

I denne pakken finn de både talkort med sommartema. Det er òg lagt ved ordentstal til 31. dersom nokon ønskjer å nytte dei i kalenderen sin. Alle korta er både i farge og i svart/kvitt. 

Korta kan nyttast på ulike måtar. Ein kan sortere dei i rekkjefølgje (treng ikkje anna enn korta) eller ein kan nytte aktivitetane «finn dei manglande tala i rekkja» og «trekk eit tal og skriv dei neste i følgja/dei som kjem før og etter» som ein finn fysiske kort til her. Ark med øving på og talforming finn de òg. Alle desse aktivitetane er sjølvdrevne og derfor fin til stasjonsundervisning. 

Aktiviteten «finn dei manglande tala i rekkja» kan anten nyttast saman med talkorta eller berre med whiteboard tusj. Elevane skal enkelt og greitt finne ut kva for tal som manglar og skrive/leggje på plass kortet med det/dei aktuelle tala. 

Aktiviteten «trekk eit tal og skriv dei neste i følgja/dei som kjem før/etter» er tenkt brukt saman med whiteboard tusj. Då trekk eleven eit kort frå haugen og skriv dei tre neste tala på aktivitetskortet. Tørk av kortet etter bruk slik det er klart til nestemann. 

Det finnast sikkert mange fleire måtar å nytte materiellet her på – her er det berre å vere kreativ! 

BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Dei sidene som i skildringa under ikkje er spesifisert målform inneheld ikkje ord.

Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂

Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂

kr59.00

Rapporter misbruk

Innhald i pakken:  

  • Pultlappar/støttelappar 
    • 4 ulike, både tal og bokstavar
  • Talkort
    • Talområde 0-50
  • Kort med ordentstal
    • Talområde 1.-31.
  • Finn det/dei manglande tala i rekkja 
    • Talområde 0-10, 10-20 og 20-50. I tilegg er det oppgåver med å finne det/dei manglande tala i rekkja 0-50 der ein tel med 2, 5 og 10 om gongen. 
    • Over 260 oppgåve
  • Trekk eit tal og skriv dei neste i følgja 
    • NN og BM
    • Éit ark – kopier opp slik du får så mange du vil ha! 
  • Trekk eit tal og skriv tala før og etter 
    • NN og BM
    • Éit ark – kopier opp slik du får så mange du vil ha!
  • Talforming 
    • Siffera 0-9. Dei sifra som er vanskeligst å skrive kjem fleire gongar! 
    • Tomme linjer: her kan barna velgje sjølv eller trekkje frå talkorta. 
    • Berre i svart/kvitt. 

 

Kompetansemål:
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
– eksperimentere med teljing både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og beskrive mønster i teljingane (2. trinn)
– plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing (2. trinn)
– kjenne att og beskrive repeterande einingar i mønster og lage eigne mønster (2. trinn)

  • 5 Stjerner
  • 4 Stjerner
  • 3 Stjerner
  • 2 Stjerner
  • 1 Stjerner

Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)

Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.

Vurderinger

Det finnes ingen vurderinger enda

Bli den første til å vurdere “Sommertall – arbeid med tallene til 50 – Sommertema sol”

Leverandørinformasjon

  • Butikknavn: TeachingRebz
  • Leverandør: TeachingRebz
  • Adresse: Trondheim
  • Ingen anmeldelser funnet enda!
Her finn de ulike ark ein kan nytte som arbeidsmatte når ein skal halde på med arealmodellen for multiplikasjon. Skriv…
Dette spelet kan nyttast for å bli kjend med medelevar eller ev. andre elevar og vaksne. Ein kan òg bruke…
Elevane nyttar kuber til å byggje ulike figurar med halloween-tema. Når dei har bygd figuren skal dei telje kor mange…
I denne aktiviteten skal barna løyse reknestykka dei finn i biletet og deretter farge den aktuelle delen med fargen som…
Talkort med tal frå 0-104. På kvart kort er det ein illustrasjon av eit gresskar. Desse korta kan brukast på…

Ønsker du å komme i kontakt?

[email protected]

Foldsævegen 60, 3870 Fyresdal

Org.nr: 929 182 472

Støttet av:

Hold deg oppdatert

Mottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?

Undervisningsbyen.no
897 vurderinger
Uavhengig verifisert
vurdering 4.62 / 5

© 2022 Undervisningsbyen.no Alle rettigheter

Nettsiden er utviklet av Webco AS

Handlekurv24
sanser bokstaver
Tiervennerkr20.00
Dyrelyderkr0.00
Løpebingokr15.00
Delsum
kr718.00
Fortsett å handle
24

Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.