– representere multiplikasjon på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane. (3. trinn)
– utforske multiplikasjon ved teljing. (3. trinn)
– bruke kommutative, assosiative og distributive eigenskapar til å utforske og beskrive strategiar i multiplikasjon. (3. trinn)
– utforske og forklare samanhengar mellom dei fire rekneartane og bruke samanhengane formålstenleg i utrekningar. (4. trinn)
– modellere situasjonar frå sin eigen kvardag og forklare tenkjemåtane sine. (4. trinn)
– utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine (5.trinn)
– løyse likningar og ulikskapar gjennom logiske resonnement og forklare kva det vil seie at eit tal er ei løysing på ei likning (5.trinn)
Arbeidsmatte – Arealmodellen BM og NN
kr0.00
Her finn de ulike ark ein kan nytte som arbeidsmatte når ein skal halde på med arealmodellen for multiplikasjon. Skriv gjerne ut på ulike fargar om ein ønskjer å ha fleire av mattene i klasserommet samstundes. Då er det enklare for elevane òg å skilje dei mellom kvarandre. Det kan vere greit å laminere eller leggje inn i plastmapper slik at elevane kan skrive på med tusj og deretter ta det bort.
Ein kan nytte konkretar for å representere tal i dei ulike rutene, eller ein kan skrive direkte inn i dei.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
Du må være logget inn for å legge inn en omtale.
Leverandørinformasjon
- Butikknavn: TeachingRebz
- Leverandør: TeachingRebz
- Adresse: Trondheim
- Ingen anmeldelser funnet enda!

















Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.