Månadar: Her har eg òg laga ein versjon som har eit ope område under namnet på månaden slik ein kan skrive på bursdagane i klassa her. For det er vel fleire enn meg som ikkje har full kontroll og sjekkar lista som heng ein annan stad i klasserommet kvar dag?
Datoar: Øvst i fila finn du datoar med alle fargane. Då eg veit at fleire er flinke til å henge opp datoar i standard kalenderform for kvar månad så har eg laga ein versjon nedst med berre 7 fargar slik det blir ryddigare i ein slik kalender.
Samiske årstider: Eg synast det er viktig, men vanskeleg, å få prata om det samiske på ein naturleg måte gjennom året. Eg har derfor tatt med dei samiske årstidene her.
Datoane som står på er henta frå boka «Året i Sápmi» av Marit Mikkelsdatter Eira Murud og er sjølvsagt veldig omtrentlege då årstidene skiftar etter naturen der og då. For oss som ikkje har så mykje kunnskap om dette tenkjer eg desse datoane kan vere greie å ha så lenge ein pratar med elevane om kvifor desse datoane er omtrentlege.
Både nord-samisk og sør-samisk er med. Finn ut kva for eit av desse språka som passar best for deg og di klasse etter kva de høyrer til av område. Om du har elevar som høyrer til det nord-samiske området er det naturleg å nytte det nord-samiske språket, og motsett om elevane høyrer til det sør-samiske området.
















Gro –