Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

På desse arbeidsarka skal barna, etter tilpasse nivå, øve seg på å fylle inn i analog og digital klokke etter gitte klokkeslett i tillegg til å tenkje igjennom kva dei gjer til dette tidspunktet på ein heilt vanleg dag.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
I denne fila finn du 6-7 kort per talmengde representert ved talord, talsymbol, teljestrekar, terning, mengde, fingrar og tiarramme. Du finn både ein versjon med farge og ein versjon i svart/kvitt.
Korta kan nyttast på fleire vis! Det kan vere sorteringskort på ein stasjon – legg alle korta med same mengde samla. Dei kan nyttast for å karlegge elevane rundt teljing, mengdeforståing, kopling av representasjonar og tal. Dei kan òg nyttast for å arbeide med «subitizing» (det å kjenne att ei talmengde du berre får sett kort). Du kan plukke ut ein representasjon frå kvar mengde og få elevane til å leggje korta i rekkjefølgje frå lågast til høgst. Nytt dei til å trekkje eit tal for å fortsetje talfølgja eller for å finne éin meir eller éin mindre. Moglegheitene er mange 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna løyse reknestykka dei finn i biletet og deretter farge den aktuelle delen med fargen som samsvarar med koden øvst på arket. Altså, du løyser reknestykket 42 – 11 og finn ut at det blir 31. Du ser øvst på arket og finn ut kva for talmengde 31 går under (t.d. 30-39) og les kva for farge det er. Farg området og løys eit av ei andre reknestykka.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt matematikken ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
Fleire ark og sett er planlagt.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr30.00
Rapporter misbrukEit superenkelt spel som kan nyttast både som enkeltståande aktivitet eller som ein aktivitet som ein del av stasjonsarbeid.
Gjennom å spele får elevane arbeidd med tiarvener og det einaste du treng er eit spelbrett til kvar spelar, 6 spelbrikker til kvar spelar og éin terning.
Elevane byt på å kaste terningen. Dei finn tiarvenen til talet som visast på terningen og legg brikka si på dette talet på spelbrettet. Dersom der allereie ligg ei brikke, får dei ikkje lagt ned noko. Spelaren som først har lagt ned alle sine brikker/fylt brettet sitt vinn spelet.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukHer finn de ulike ark ein kan nytte som arbeidsmatte når ein skal halde på med arealmodellen for multiplikasjon. Skriv gjerne ut på ulike fargar om ein ønskjer å ha fleire av mattene i klasserommet samstundes. Då er det enklare for elevane òg å skilje dei mellom kvarandre. Det kan vere greit å laminere eller leggje inn i plastmapper slik at elevane kan skrive på med tusj og deretter ta det bort.
Ein kan nytte konkretar for å representere tal i dei ulike rutene, eller ein kan skrive direkte inn i dei.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukI dette opplegget skal elevane få øve seg på å sjå samanhengen mellom ulike framstillingar av klokka – med ord, analog og digital (både formiddag og ettermiddag). Ein kan sjølvsagt velgje ut kva for kort elevane skal få utdelt for å kunne tilpasse akkurat dei elevane ein har. Det er òg ein fin måte å sjå samanheng innad kvar framstilling òg (spesielt frå 1300 på digitalklokka som mange synast er vanskeleg).
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr39.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda