Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er eit spel der barna får eit lite innblikk i det å ha ein eigen økonomi. Dei går rundt og rundt på brettet og får trekkje kort der dei både tjener og brukar pengar. Dette gjer dei gjennom kjendte situasjonar frå sitt eige liv. Kanskje tener du 13 kr for å gå tur med hunden eller tømme søpla? Eller kanskje har du øydelagt leika til broren din med vilje og må vere med å betale for ei ny? Det er både lønningsdag og «Du har fått sparken» som kan gi litt ekstra spenning i spelet.
Her får dei både innsikt i økonomi, lesetrening og trening i å veksle i banken.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbruk– lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel (2. trinn)
– beskrive posisjonssystemet ved hjelp av ulike representasjonar (2. trinn)
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
«Gjømme å leite» er det vi kallar «gjemsel» på mi dialekt. Og det er nettopp det denne oppgåva går ut på!
Set opp egga med bokstavar, tal eller høgfrekvente ord i ein «pocket chart» eller legg dei utover på eit bord/golvet. Nokon (gjerne elevar!) gøymer ein eller fleire av figurane BAK nokre egg utan at dei andre ser. Deretter kjem dei andre tilbake og må spørje den/dei som har gøymd figurane om det ligg bak bestemde egg. T.d. så kan eg spørje «Ligg den bak liten a?», «Ligg den bak 4?».
Ein kan gjere oppgåva vanskelegare ved å leggje til ein regel om at det ikkje er lov å seie bokstaven eller talet som står på lappen, men må spørje «Ligg det noko bak 2+4?» eller «Ligg det noko bak første lyden i SOL?»
Oppgåva kan både gjerast i full klasse, men passar òg godt på stasjonar når elevane veit korleis oppgåva fungerar!
BÅDE PÅ NYNORSK, BOKMÅL OG ENGELSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukHer er fleire ulike tallinjer, både lukka og open og i ulike talomårde. Der er òg ei som er heilt open slik at den kan tilpassast akkurat det reknestykket eleven arbeidar med.
Skriv ut og laminer og elevane kan nytte whiteboardtusjar til å skrive på og deretter viske ut. I lengda sparar det miljøet mykje samanlikna med å skulle teikne på tallinjer på ark kvar gong.
På siste side finn de ei tallinje til 100 som er delt opp i fire delar. Her er tanken at ein kan setje saman dei ulike delane for å få ei tallinje til anten 50, 75 eller 100 med einarane markert, for dei som treng det 🙂
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukHer har du moglegheita for å føre oversikt over gladmeldingane du sender heim til kvar enkelt familie. Vi veit vel alle at det ikkje er så enkelt å ha oversikta i hovudet.
To versjonar; analog til å skrive ut og digital via Google Rekneark. Tilpass det til det som er mest effektivt for deg.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du lappar/kort med alfabetsporing. Nedst finn du bokstavane med svarte rammer dersom du ikkje vil/har moglegheit til å ha farge på.
Desse kan nyttast på fleire måtar:
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukI denne fila finn du 6-7 kort per talmengde representert ved talord, talsymbol, teljestrekar, terning, mengde, fingrar og tiarramme. Du finn både ein versjon med farge og ein versjon i svart/kvitt.
Korta kan nyttast på fleire vis! Det kan vere sorteringskort på ein stasjon – legg alle korta med same mengde samla. Dei kan nyttast for å karlegge elevane rundt teljing, mengdeforståing, kopling av representasjonar og tal. Dei kan òg nyttast for å arbeide med «subitizing» (det å kjenne att ei talmengde du berre får sett kort). Du kan plukke ut ein representasjon frå kvar mengde og få elevane til å leggje korta i rekkjefølgje frå lågast til høgst. Nytt dei til å trekkje eit tal for å fortsetje talfølgja eller for å finne éin meir eller éin mindre. Moglegheitene er mange 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda