Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Det å ha ei eiga klokke ein kan snurre på og nytte i arbeidet med å lære seg klokka kan både vere motiverande og nyttig. I tillegg får barna moglegheita til å forstå meir om oppbygginga av klokka og 60-talssystemet medan dei lagar den.
Denne klokka blir stor og fin, og ein finn mykje informasjon på den. Du plasserar tala 1-12 på (som på ei vanleg klokke) i tillegg til at dei som ønskjer å skrive på 13-23 har moglegheit til det. Lappane som skrivast på gir informasjon om korleis ein seier kva klokka er når minuttvisaren peikar på dette talet og korleis dei to bakerste sifra på digitalklokka ville ha sett ut.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Arbeidsark der elevane skal skrive inn tala som manglar i talrekkjene. Arka som er i talområde 0-10 og 10-20 har berre rekkjer der ein tel med éin om gongen, medan dei arka som er i talområde 10-100 og 100-1000 har ulike stegtellingar som elevane må finne fram til før dei kan fylle inn dei manglande tala.
Det følg med fasit til alle arbeidsarka dersom ein ønskjer at elevane skal «rette» seg sjølv.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du lappar med dei ulike faga og vanligste aktivitetane vi driv på med i skulen, i tillegg til både analog og digital klokke som kan nyttast saman med fagkortet til dei ulike øktene dine.
Skriv på klokkene med ein whiteboard-tusj slik du kan endre desse ved behov 🙂
Du finn alle korta med både små og store bokstavar.
Det eg likar aller best er arket med. «Ikkje i klasserommet? Du finn oss her: .» som er fin å henge opp ved døra i tilfelle nokon kjem seint, tilbake etter ein tannlegetime eller nokon andre leitar etter deg og klassa di 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukI dette heftet skal elevane rett og slett øve seg på å skrive siffer og tal på riktig måte. På kvar linje skal dei skrive sifferet/talet så mange gongar dei får plass til. På kvar linje skal dei òg teikne ein sirkel rundt det sifferet/talet som blei finast. Dette for å gjere dei bevisste på korleis tala skal sjå ut og for å skrive så fint dei kan undervegs.
Til min store overraskelde er det nokre elevar i kvar gruppe som faktisk ELSKAR å arbeide med finskrift. Kanskje fordi dette er noko alle elvane føler dei meistrar uansett korleis dei skriv?
Eg har delt inn fila i fleire delar:
– Siffer 0-9
– Tala 10-20
– Tala 20-50
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette opplegget finn du mangeulike spelbrett for «finn vegen» med øving på multiplikasjonstabellane. Her er brett med øving på ein og ein tabell, i tillegg til brett der ein øver på dei tabellane som ein gjerne arbeidar med litt samstundes (0, 1 og 2, 2, 5 og 10, 3 og 4, 6 og 7, 8 og 9).
Det finnast fleire brett med same tabellen for å kunne motivere barna for endå meir øving. Alle bretta (òg om det finnast fleire med same tabell) har ulike figurar på seg slik det skal vere greit å skilje dei frå kvarandre. Eg vil i tillegg tipse om å skrive ut på ulike fargar etter nivå. Då kan elevane enkelt sjå kva for brett dei skal arbeide med.
Slik fungerar spelet: Elevane spelar individuelt, ev. I par som er på lag. Bruk ein binders og spissen på ein blyant til å spinne spinnaren. Løys reknestykket (finn produktet) og finn ei rute med tilsvarande tal. Legg ei brikke der. Målet er å lage ein veg/sti frå øvst venstre til nedst høgre representert med ulike figurar. Ein kan gå vassrett og loddrett, men ikkje på skrå.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr39.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får elevane øve seg på å summere pengar. Ein kan òg nytte korta til å øve på å kjenne att myntar/lappane våre.
I opplegget finn ein 36 sparegrisar som alle har kvar sin sum på kor mykje som er oppi sparegrisen. Til kvar sparegris finn ein tre kort som viser tilsvarandre sum, vist på tre ulike måtar. BÅDE FARGE OG SVART/KVITT!
Aktiviteten passar fint på ein stasjon etter at ein har arbeidd litt med myntane/lappepengane våre først. Om ein tillett litt småprat på stasjonane så er det enkelt for elevane å samarbeide og hjelpe kvarandre. Då kan dei som ev. treng meir støtte på verdien til kvart mynt/lapp få hjelp av medelevane sine.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda