Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

I denne fila finn du 6-7 kort per talmengde representert ved talord, talsymbol, teljestrekar, terning, mengde, fingrar og tiarramme. Du finn både ein versjon med farge og ein versjon i svart/kvitt.
Korta kan nyttast på fleire vis! Det kan vere sorteringskort på ein stasjon – legg alle korta med same mengde samla. Dei kan nyttast for å karlegge elevane rundt teljing, mengdeforståing, kopling av representasjonar og tal. Dei kan òg nyttast for å arbeide med «subitizing» (det å kjenne att ei talmengde du berre får sett kort). Du kan plukke ut ein representasjon frå kvar mengde og få elevane til å leggje korta i rekkjefølgje frå lågast til høgst. Nytt dei til å trekkje eit tal for å fortsetje talfølgja eller for å finne éin meir eller éin mindre. Moglegheitene er mange 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKompetansemål:
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Talkort med tal frå 0-104. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for båt som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du talplakatar med både skrivemåte og fire representasjonar til kvart tal. Plakatane er i talområdet 0-20.
BÅDE PÅ BOKMÅL, NYNORSK OG ENGELSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukHer finn du 48 oppgåvekort der kort 1-22 er i talområdet 0-20, medan kort 23-48 er i talområdet 0-100. Oppgåvene på desse korta går på å finne det dobbelte av eller halvparten av eit oppgitt tal. Det er annakvart kort med «det dobbelte» og «halvparten» slik at ein må lese og holde tunga rett i munnen.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna løyse reknestykka dei finn i biletet og deretter farge den aktuelle delen med fargen som samsvarar med koden øvst på arket. Altså, du løyser reknestykket 42 – 11 og finn ut at det blir 31. Du ser øvst på arket og finn ut kva for talmengde 31 går under (t.d. 30-39) og les kva for farge det er. Farg området og løys eit av ei andre reknestykka.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt matematikken ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
Fleire ark og sett er planlagt.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr30.00
Rapporter misbrukEi teikneoppgåve der elevane skal tenkje over kva som skjer til dei ulike årstidene og teikne det dei synast er viktigst innføre kva for årstid. Her kan elevane velgje sjølv ut i frå kva som interesserar dei. Nokre vel kanskje den «typiske» teikne korleis treet endrar seg til kvar årstid, medan andre teiknar mykje småting som t.d. norskeflagg i mai pga. nasjonaldag, skriv «hurra» den årstida dei har bursdag, ein badeball på sommaren og ein snømann på vinteren. Mogelegheitene er mange!
Kanskje blir det fint å henge det opp som pynt i klasserommet når alle er ferdige?
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda