Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

I denne fila finn du 6-7 kort per talmengde representert ved talord, talsymbol, teljestrekar, terning, mengde, fingrar og tiarramme. Du finn både ein versjon med farge og ein versjon i svart/kvitt.
Korta kan nyttast på fleire vis! Det kan vere sorteringskort på ein stasjon – legg alle korta med same mengde samla. Dei kan nyttast for å karlegge elevane rundt teljing, mengdeforståing, kopling av representasjonar og tal. Dei kan òg nyttast for å arbeide med «subitizing» (det å kjenne att ei talmengde du berre får sett kort). Du kan plukke ut ein representasjon frå kvar mengde og få elevane til å leggje korta i rekkjefølgje frå lågast til høgst. Nytt dei til å trekkje eit tal for å fortsetje talfølgja eller for å finne éin meir eller éin mindre. Moglegheitene er mange 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKompetansemål:
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Eit superenkelt spel som kan nyttast både som enkeltståande aktivitet eller som ein aktivitet som ein del av stasjonsarbeid.
Gjennom å spele får elevane arbeidd med tiarvener og det einaste du treng er eit spelbrett til kvar spelar, 6 spelbrikker til kvar spelar og éin terning.
Elevane byt på å kaste terningen. Dei finn tiarvenen til talet som visast på terningen og legg brikka si på dette talet på spelbrettet. Dersom der allereie ligg ei brikke, får dei ikkje lagt ned noko. Spelaren som først har lagt ned alle sine brikker/fylt brettet sitt vinn spelet.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukDesember betyr adventsstund! I skulen òg.
Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande.
Nokre nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der ein har ulike gåver/fine ord/små aktivitetar. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
Deling og salg er ikke tillatt, så send heller linken til de du vil dele med slik de får kjøpt det selv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du talplakatar med både skrivemåte og fire representasjonar til kvart tal. Plakatane er i talområdet 0-20.
BÅDE PÅ BOKMÅL, NYNORSK OG ENGELSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbruk“Sprekk boblene” er eit enkelt spel der elevane arbeidar med tiarar og einarar. Ein sjølvgåande aktivitet der elevane lærar medan dei spelar spel.
Aktiviteten er fin å ha på ein stasjon. Elevane blir berre glad dersom dei rekk å spele fleire runder.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for båt som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukI denne pakken er det 30 oppgåvekort med oppgåver der ein får arbeidd med telje vidare-strategien i talområdet 0-20. Du finn kort både med og utan påskehare over tiarramma og i både farge og i svart/kvit. Det kan vere fint å skrive ut svart/kvit-versjonen på farga ark.
Saman med oppgåvekorta finn du eit svarark + fasit som elevane kan nytte til å notere ned løysingane sine på dei ulike oppgåvene og deretter rette seg sjølv.
Korta kan nyttast på ulike måtar. Til dømes i stasjonsundervisning der ein legg alle korta utover bordet eller elevane trekk frå ei boks. Ein kan òg bruke det som «math the room» der ein heng korta opp rundt om i klasserommet/uterommet og elevane går rundt og løyser oppgåvene der dei heng.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda