Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Desember betyr adventsstund! I skulen òg.
Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande.
Nokre nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der ein har ulike gåver/fine ord/små aktivitetar. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
Deling og salg er ikke tillatt, så send heller linken til de du vil dele med slik de får kjøpt det selv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 4.5 av 5 (2 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Dette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna kjenne att talsymbola/-orda eller løyse reknestykka i biletet og deretter farge den aktuelle delen med fargen som samsvarar med koden øvst på arket. Altså, du les talordet «to». Du ser øvst på arket og finn ut kva for farge talordet «to» skal ha. Farg området.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt matematikken ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
NB!: Dette er ein gratisversjon med éit bilete. For å kjøpe heile pakken med 8 bilete kan du følgje linken her: Kodefarging – Påske – tallene 0-20
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for båt som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir info under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukPlakatar med ulike strategiar for rekning av subtraksjon som kan hengast på veggen som klasseromsdekor, festast på ein ring for å ha på stasjonar og liknande. Målet er å gjere elevane bevisste på kva for strategiar dei sjølv nyttar og om det kanskje er ein annan strategi som kan vere meir hensiktsmessig å nytte?
Sjå lenger beskrivelse for kva for strategiar som er med i fila.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr59.00
Rapporter misbrukDette er ei oversikt over hundrarruta som kan hengast på veggen i stort format. Skriv ut på anten A4 eller A3 og pusle arka saman slik det blir heile tabellen på veggen. Fint å ha noko å støtte seg på for barna når dei arbeidar. Tabellen kan òg nyttast når ei skal telje saman i kor eller arbeide med mønster/samanhenger.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukAv og til er det hensiktsmessig at elevane er med på å dele opp i grupper slik dei er sikre på at gruppene er tilfeldige. Då er det kjekt med kort å trekkje.
I denne fila finn du 9 ulike sett med kort som kan vere fine å nytte til tilfeldig gruppeinndeling.Nokre av setta er laga slik at det berre er å skrive ut dei aktuelle sidene og deretter er dei tilpassa antal grupper og antal elevar i kvar gruppe som er spesifisert. Dei andre setta er laga som at ein kan ha eit gitt antal grupper og så skriv ein ut like mange eksemplar av sidene som ein ønskjer å ha elevar i kvar av gruppene.
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vibeke Westheim-Karlsen –
vigdis Leirvik –