Desse korta kan brukast på mange ulike måtar.
Talkorta kan til dømes nyttast til..:
– Sortere i rekkjefølgje.
– Trekkje éit tal og finne tala før og etter.
– Ein elev får eit tal i ryggen/panna og skal gjette kva for tal det er ved å stille ja/nei-spørsmål til dei andre i gruppa.
– Trekkje eit tal for å bestemme kva for oppgåve som skal gjerast.
– Trekkje eit tal for så å finne like mange av dette talet.
– Spele kortspelet «Krig»
– Spele «Alias» med tal
– «Overskrift» til mengdevegg – ein vegg med eit tal øvst og så bilete av tilsvarandre mengder under vist på ulike måtar (gjerne elevlaga).
– Sortere partal og oddetal.
– Finne tala i dei ulike multiplikasjonstabellane.
– Kartlegge om barna kjenner att tala, både når du seier namnet og dei skal finne bokstaven og når dei skal seie namnet til talet du viser.
Bokstavkorta kan til dømes nyttast til..:
– Kople stor og liten bokstav.
– Sortere i rekkjefølgje.
– Trekke éin bokstav og skrive ord som startar/sluttar på eller har bokstaven i midten.
– Trekke éin bokstav og nytte dette som regel i «mitt skip er lastet med».
– Skrive eit navn eller ord på kvar bokstav.
– «Overskrift» til ordvegg.
– Sortere vokalar og konsonantar.
– Lytte ut lydar i ord og halde opp kortet som høyrer til lyden.
– Skrive ord.
– Kartlegge om barna kjenner att bokstavane, både når du seier lyden og dei skal finne bokstaven og når dei skal seie lyden til bokstaven du viser.
Kompetansemål
Talkort
– ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar (2. trinn)
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
– eksperimentere med teljing både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og beskrive mønster i teljingane (2. trinn)
– utforske og beskrive generelle eigenskapar ved partal og oddetal (2. trinn)
– beskrive posisjonssystemet ved hjelp av ulike representasjonar (2. trinn)
– plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing (2. trinn)
– kjenne att og beskrive repeterande einingar i mønster og lage eigne mønster (2. trinn)
– utforske multiplikasjon ved teljing (3. trinn)
Bokstavkort
– leke med rim og rytme og lytte ut språklyder og stavelser i ord (2. trinn)
– trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving (2. trinn)
– bruke store og små bokstaver, punktum, spørsmålstegn og utropstegn i tekster og samtale om egne og andres tekster (2. trinn)












Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.