Desse korta kan brukast på mange ulike måtar.
– Sortere i rekkjefølgje.
– Trekkje éit tal og finne tala før og etter.
– Ein elev får eit tal i ryggen/panna og skal gjette kva for tal det er ved å stille ja/nei-spørsmål til dei andre i gruppa.
– Trekkje eit tal for å bestemme kva for oppgåve som skal gjerast.
– Trekkje eit tal for så å finne like mange av dette talet.
– Spele kortspelet «Krig»
– Spele «Alias» med tal
– «Overskrift» til mengdevegg – ein vegg med eit tal øvst og så bilete av tilsvarandre mengder under vist på ulike måtar (gjerne elevlaga).
– Sortere partal og oddetal.
– Finne tala i dei ulike multiplikasjonstabellane.
– Kartlegge om barna kjenner att tala, både når du seier namnet og dei skal finne bokstaven og når dei skal seie namnet til talet du viser.
Kompetansemål:
– ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar (2. trinn)
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
– eksperimentere med teljing både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og beskrive mønster i teljingane (2. trinn)
– utforske og beskrive generelle eigenskapar ved partal og oddetal (2. trinn)
– beskrive posisjonssystemet ved hjelp av ulike representasjonar (2. trinn)
– plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing (2. trinn)
– kjenne att og beskrive repeterande einingar i mønster og lage eigne mønster (2. trinn)
– utforske multiplikasjon ved teljing (3. trinn)











Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.