Handlekurv

MENY
MENY
Tilbud!

SAMLEPAKKE – Tall- og bokstavkort – Båter, prinsesser og dinosaurer

I denne samlepakken finn de alle mine tal- og bokstavkort, til no 6 ulike produkt. Eg vil ev. leggje til fleire tema dersom eg lagar fleire dei som allereie har pakken vil få. Prisen vil stige for kvart produkt som blir lagt til. Talkorta inneheld tala 0-104, medan bokstavkorta inneheld små og store bokstavar. Legg merke til at dinosaurtemaet har 3 ulike bakgrunnar.

Pakken inneheld akkuart no 6 produkt:
Talkort med båttema
Bokstavkort med båttema
Talkort med prinsessetema
Bokstavkort med prinsessetema
Talkort med dinosaurtema
Bokstavkort med dinosaurtema

Opprinnelig pris var: kr126.00.Nåværende pris er: kr95.00.

Rapporter misbruk

Desse korta kan brukast på mange ulike måtar.

Talkorta kan til dømes nyttast til..:
– Sortere i rekkjefølgje.
– Trekkje éit tal og finne tala før og etter.
– Ein elev får eit tal i ryggen/panna og skal gjette kva for tal det er ved å stille ja/nei-spørsmål til dei andre i gruppa.
– Trekkje eit tal for å bestemme kva for oppgåve som skal gjerast.
– Trekkje eit tal for så å finne like mange av dette talet.
– Spele kortspelet «Krig»
– Spele «Alias» med tal
– «Overskrift» til mengdevegg – ein vegg med eit tal øvst og så bilete av tilsvarandre mengder under vist på ulike måtar (gjerne elevlaga).
– Sortere partal og oddetal.
– Finne tala i dei ulike multiplikasjonstabellane.
– Kartlegge om barna kjenner att tala, både når du seier namnet og dei skal finne bokstaven og når dei skal seie namnet til talet du viser.

Bokstavkorta kan til dømes nyttast til..:
– Kople stor og liten bokstav.
– Sortere i rekkjefølgje.
– Trekke éin bokstav og skrive ord som startar/sluttar på eller har bokstaven i midten.
– Trekke éin bokstav og nytte dette som regel i «mitt skip er lastet med».
– Skrive eit navn eller ord på kvar bokstav.
– «Overskrift» til ordvegg.
– Sortere vokalar og konsonantar.
– Lytte ut lydar i ord og halde opp kortet som høyrer til lyden.
– Skrive ord.
– Kartlegge om barna kjenner att bokstavane, både når du seier lyden og dei skal finne bokstaven og når dei skal seie lyden til bokstaven du viser.

 

Kompetansemål

Talkort
– ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar (2. trinn)
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
– eksperimentere med teljing både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og beskrive mønster i teljingane (2. trinn)
– utforske og beskrive generelle eigenskapar ved partal og oddetal (2. trinn)
– beskrive posisjonssystemet ved hjelp av ulike representasjonar (2. trinn)
– plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing (2. trinn)
– kjenne att og beskrive repeterande einingar i mønster og lage eigne mønster (2. trinn)
– utforske multiplikasjon ved teljing (3. trinn)

Bokstavkort
– leke med rim og rytme og lytte ut språklyder og stavelser i ord (2. trinn)
– trekke bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving (2. trinn)
– bruke store og små bokstaver, punktum, spørsmålstegn og utropstegn i tekster og samtale om egne og andres tekster (2. trinn)

  • 5 Stjerner
  • 4 Stjerner
  • 3 Stjerner
  • 2 Stjerner
  • 1 Stjerner

Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)

Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.

Vurderinger

Det finnes ingen vurderinger enda

Bli den første til å vurdere “SAMLEPAKKE – Tall- og bokstavkort – Båter, prinsesser og dinosaurer”

Leverandørinformasjon

  • Butikknavn: TeachingRebz
  • Leverandør: TeachingRebz
  • Adresse: Trondheim
  • Ingen anmeldelser funnet enda!
Desember betyr adventsstund! I skulen òg. Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har…
Klasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du det du treng for å prate om vêret den aktuelle dagen…
I regn rommet heng ein opp oppgåvekorta rundt om i rommet, ev. ute dersom vêret tillet det eller ein likar…
Klasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du alfabetplakatar med både skrivemåte og illustrasjonar av ord som startar…
Dette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi - telje vidare. Det er lagt…
Medaljer (eller meistringskort) som kan brukast når klassa er med på ein lesekonkurranse, anten offentleg eller innad på skulen/trinnet/klassa. Her…

Ønsker du å komme i kontakt?

post@undervisningsbyen.no

Foldsævegen 60, 3870 Fyresdal

Org.nr: 929 182 472

Støttet av:

Hold deg oppdatert

Mottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?

Undervisningsbyen.no
849 vurderinger
Uavhengig verifisert
vurdering 4.62 / 5

© 2022 Undervisningsbyen.no Alle rettigheter

Nettsiden er utviklet av Webco AS

Handlekurv0
Du har ikke bestilt noe ennå!
Fortsett å handle
0