Koppetårn kombinerar reknetrening med ein praktisk byggeaktivitet. Elevane vel eit koppkort med ein pyramide av reknestykke. Dei løyse kvart reknestykke, finn koppen med riktig svar og plasserar den på riktig plass i tårnet. Når alle reknestykka er løyst, er koppetårnet ferdig!
Aktiviteten fungerar aller best med ekte plast- eller pappkoppar der svara er skrive på. Har du ikkje koppar tilgjengeleg, følg det òg med utskrivbare koppar som kan laminerast og brukast i staden.
Fem nivå
Oppgåvene er delt inn i fem nivå med gradvis progresjon. Kvart nivå er markert med sitt eige dyr, slik at det er enkelt å organisere materialet og gi ulike elevar oppgåver på ulike nivå.
-
Sau: Tiarar + tiarar
-
Gris: Tiarar + einarar og einarar + tiarar
-
Frosk: Tosifra + 1 og tosifra + einsifra utan tiarovergang.
-
Ku: Tosifra + einsifra med tiarovergang
-
Hane: Tosifra + tosifra med tiarovergang
Du treng ikkje bruke heile settet samtidig. Vel nivået eller nivåa som passar til det elevane arbeidar med.
Dette får du
-
5 ulike nivå
-
4 koppkort på kvart nivå – 20 totalt
-
Koppkort i både farge og svart-kvitt
-
Oversikt over kva for koppar som trengst til kvart nivå
-
Utskrivbare koppar med svar
-
Fasit/kontrollark til sjølvkorrigering
Slik kan aktiviteten brukast
Koppetårn passar godt til matematikkstasjonar, pararbeid, i smågrupper og som praktisk mengdetrening. Elevane kan bygge aleine eller samarbeide om å løyse reknestykka og finne dei riktige koppane.
Elevmateriellet består av tal og rekneuttrykk og kan derfor brukast uavhengig av om elevane har bokmål eller nynorsk som hovudmål. Lærarrettleiinga er på nynorsk.
















Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.