Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Arbeidsark der elevane skal skrive inn tala som manglar i talrekkjene. Arka som er i talområde 0-10 og 10-20 har berre rekkjer der ein tel med éin om gongen, medan dei arka som er i talområde 10-100 og 100-1000 har ulike stegtellingar som elevane må finne fram til før dei kan fylle inn dei manglande tala.
Det følg med fasit til alle arbeidsarka dersom ein ønskjer at elevane skal «rette» seg sjølv.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukKompetansemål:
– eksperimentere med teljing både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og beskrive mønster i teljingane (2. trinn)
– plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing (2. trinn)
– kjenne att og beskrive repeterande einingar i mønster og lage eigne mønster (2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
I dette opplegget får elevane arbeidd med rutenett. Her er to arbeidsark.
Det første arket er eit reint utstyllingsark der elevane skal finne ut kva som er i rutene etter gitte «koordinatar» (heiter det det når vi pratar om rutenett?) og finne «koordinatane» til gitte objekt.
Det andre arket er laga for at elevane skal lage sitt eige kart og plassere ut eigne objekt. Sei gjerne at dei skal skrive fasiten på oppgåvene i eiga skrivebok slik at karta deira kan bli nytta som oppgåver til andre. Laminer og saml dei i ei boks som elevane har tilgjengeleg. Superkjekt å gjere oppgåver som andre i klassa har laga!
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukHer finn de ulike ark ein kan nytte som arbeidsmatte når ein skal halde på med arealmodellen for multiplikasjon. Skriv gjerne ut på ulike fargar om ein ønskjer å ha fleire av mattene i klasserommet samstundes. Då er det enklare for elevane òg å skilje dei mellom kvarandre. Det kan vere greit å laminere eller leggje inn i plastmapper slik at elevane kan skrive på med tusj og deretter ta det bort.
Ein kan nytte konkretar for å representere tal i dei ulike rutene, eller ein kan skrive direkte inn i dei.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukHer er fleire ulike tallinjer, både lukka og open og i ulike talomårde. Der er òg ei som er heilt open slik at den kan tilpassast akkurat det reknestykket eleven arbeidar med.
Skriv ut og laminer og elevane kan nytte whiteboardtusjar til å skrive på og deretter viske ut. I lengda sparar det miljøet mykje samanlikna med å skulle teikne på tallinjer på ark kvar gong.
På siste side finn de ei tallinje til 100 som er delt opp i fire delar. Her er tanken at ein kan setje saman dei ulike delane for å få ei tallinje til anten 50, 75 eller 100 med einarane markert, for dei som treng det 🙂
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du talplakatar med både skrivemåte og fire representasjonar til kvart tal. Plakatane er i talområdet 0-20.
BÅDE PÅ BOKMÅL, NYNORSK OG ENGELSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukHer finn du 48 oppgåvekort der kort 1-24 er i talområdet 0-20 og med ei nummerert tallinje på, medan kort 25-48 er i talområdet 0-100 og med ei opa tallinje på. Tallinjene på kortet viser til kva for tallinje det kan vere hensiktsmessig å nytte for å løyse oppgåva.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du det du treng for å prate om vêret den aktuelle dagen 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda