Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – dobling og halvering. Det er lagt til to nivå, A og B, der spel A er i talområde 0-20, medan spel B er i talområde 0-100.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
kr35.00
Rapporter misbruk– utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag (etter 2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Medaljer (eller meistringskort) som kan brukast når klassa er med på ein lesekonkurranse, anten offentleg eller innad på skulen/trinnet/klassa. Her finn ein medaljer som kan nyttast etter kvar enkelt elev har nådd eit gitt antal sider i tillegg til medaljer som kan delast ut på slutten av konkurransen. Her er både individuelle medaljer (“du har lest mest i klassa”) og medaljer som kan gis til heil gruppe (“Klassa di har lest flest bøker på skulen”).
Det er planlagt utviding med medaljer som går på antal leste minutter/timar òg.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukAreal 1 er oppgåvekort der elevane skal finne arealet til figurar bygd opp ruter dei skal telje. Halvparten av oppgåvene er arealet i eit rutenett, medan andre halvpart er lausrive frå rutenettet. Oppgåvene på desse korta går som sagt på å telje seg fram til arealet. Dei passar derfor til elevar som har lært litt om areal men som framleis er på «telje antal einingar»-stadiet.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for båt som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir info under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukElevane skal her nytte ein whiteboard-tusj til å skrive på tala som kjem før og etter tallet på kortet. Det kan vere greitt å ha ei tallinje eller ei hundrarrute (alt etter kva elevane er vande med) som elevane kan sjå på for å få hjelp i arbeidet sitt.
Opplegget er i talområde 0-100.
Perfekt i stasjonsarbeid!
FUNGERAR FINT BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukDette spillet er enkelt og engasjerande! Elevane spelar i par, og ein kan derfor fint nytte det på stasjonar. Ein arbeidar med tala opp til 20 og det å telje vidare frå tiaren.
Slik spelar ein: Spelarana har ein haug med brukker i kvar sin farge. Spinn spinnaren (ein kan godt nytte blyant og binders!) og finn ut kva for mengde bindersen peikar på. Spelaren finn deretter popkornet med tilsvarande talsymbol og legg ei brikke på dette popkornet. Om det allereie står ei brikke i mostandaren sin farge der «bumper» ein den vekk (tar den vekk). Om det allereie står ei brikke med spelaren din eigen farge der legg ein ei brikke oppå og låser denne. Dersom der derimot står to brikker oppå kvarandre allereie får du ikkje gjort noko då desse er låst.
Vinnaren av spelet: Den som har flest låste popkorn når tida er ute eller når alle popkorna er låst. De kan òg bli einige om eit antal brikker alle elevane skal nytte og den som har flest låste popkorn når alle dei er nytta er vinnaren.
BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette brettspelet skal elevane skal elevane flytte brikka si rundt bordet og runde av tala dei landar på til anten næraste tiar eller næraste hundrar (eit brett for kvar av desse). Det er sjølvsagt om å gjere å lære mest, ikkje å kome først i mål.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda