Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – dobling og halvering. Det er lagt til to nivå, A og B, der spel A er i talområde 0-20, medan spel B er i talområde 0-100.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
kr35.00
Rapporter misbruk– utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag (etter 2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Klasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du det du treng til dag og dato både på bokmål, nynorsk og engelsk. Alt er både i små og store bokstavar slik du kan tilpasse det som passar deg og dine elevar.
Sjå meir informasjon under!
BÅDE PÅ BOKMÅL, NYNORSK OG ENGELSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukMultiplikasjonstabellen på veggen for å gjere den godt synleg for barna? Då er det kjekt å kunne ha litt farge på den!
Her finn du både sider med tabellen i svart/kvitt og i to fargekombinasjonar; grøntonar og raud, lilla, oransje, rosa og gul. Begge gjer seg godt i klasserommet 🙂
Kvar multiplikasjonstabell har eiga overskrift. Talet multiplisert med 11 og 12 er lagt til på same side som overskrifta slik det er enkelt å ta det med/ta det bort alt etter som kva ein ønskjer skjølv.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukDette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for båt som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir info under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette «spelet» skal elevane øve seg på å kjenne att mengder.
Tala 1-10 har fått kvar sitt brett. På brettet med talet 2 skal elevane leggje ei brikke på alle representasjonane som viser mengda til 2. Mengdene blir vist med symbol, tierramme, terning, fingrar, terning, prikkar og teljestrekar.
Aktiviteten kan vere fin å nytte på stasjonar og vil kunne vere sjølvgåande etter introduksjon.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du enkle tallinjer frå 0-103 (berre fordi det passa med sidene å fortsetje til 103).
Du kan anten klippe ut alle tala på kvar sine kort og elevane skal leggje dei i rekkjefølgje, eller du kan klippe ut ei og ei rad og deretter leggje/henge dei opp etter kvarandre.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda