Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

I dette opplegget får elevane arbeidd med rutenett. Her er to arbeidsark.
Det første arket er eit reint utstyllingsark der elevane skal finne ut kva som er i rutene etter gitte «koordinatar» (heiter det det når vi pratar om rutenett?) og finne «koordinatane» til gitte objekt.
Det andre arket er laga for at elevane skal lage sitt eige kart og plassere ut eigne objekt. Sei gjerne at dei skal skrive fasiten på oppgåvene i eiga skrivebok slik at karta deira kan bli nytta som oppgåver til andre. Laminer og saml dei i ei boks som elevane har tilgjengeleg. Superkjekt å gjere oppgåver som andre i klassa har laga!
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukKompetansemål:
– eksperimentere med og forklare plasseringar i koordinatsystemet (3. trinn)
– lage og følgje reglar og trinnvise instruksjonar i leik og spel knytte til koordinatsystemet (3. trinn)
– utforske og beskrive strukturar og mønster i leik og spel (4. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
I dette opplegget skal elevane representere talet som er skrive på den aktuelle togvogna. Dette kan gjerast på ulike måtar, alt etter kvar elevane er i utviklinga og kva de har arbeidd med i klasserommet: gjenstandar (blyantar, steiner, brikker osb.), med prikkar eller tala på terningar, teljestrekar, tierbrett (ligg vedlagt), cuisenaire/Noomer, pengar, tallinje, Base 10 og heilt sikkert fleire måtar!
Fin aktivitet til stasjonsarbeid der elevane kan samarbeide om dei er usikre! For å tilpasse dei ulike elevane/gruppene kan ein nytte vognene i svart/kvitt og skrive ut på farga ark der ein tek med dei vognene ein ønskjer til dei ulike nivåa. Dette er fint når nokre arbeidar med tala 1-10, medan andre er klar for 1-20 t.d.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du lappar med dei ulike faga og vanligste aktivitetane vi driv på med i skulen, i tillegg til både analog og digital klokke som kan nyttast saman med fagkortet til dei ulike øktene dine.
Skriv på klokkene med ein whiteboard-tusj slik du kan endre desse ved behov 🙂
Du finn alle korta med både små og store bokstavar.
Det eg likar aller best er arket med. «Ikkje i klasserommet? Du finn oss her: .» som er fin å henge opp ved døra i tilfelle nokon kjem seint, tilbake etter ein tannlegetime eller nokon andre leitar etter deg og klassa di 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukKorta her handlar om talrekkjer og teljing med 10 og 100 om gongen. De finn to ulike nivå. Nivå 1 har 0 på einarplassen i alle tal. Nivå 2 har einarar. Skriv gjerne ut dei ulike arka i kvar sine fargar for å skilje korta frå kvarandre.
Ein kan nytte korta på ulike måtar:
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukAv og til er det hensiktsmessig at elevane er med på å dele opp i grupper slik dei er sikre på at gruppene er tilfeldige. Då er det kjekt med kort å trekkje.
I denne fila finn du 9 ulike sett med kort som kan vere fine å nytte til tilfeldig gruppeinndeling.Nokre av setta er laga slik at det berre er å skrive ut dei aktuelle sidene og deretter er dei tilpassa antal grupper og antal elevar i kvar gruppe som er spesifisert. Dei andre setta er laga som at ein kan ha eit gitt antal grupper og så skriv ein ut like mange eksemplar av sidene som ein ønskjer å ha elevar i kvar av gruppene.
kr19.00
Rapporter misbrukSorteringskort med namn på månadar og årstider i tillegg til bilete med aktivitetar som høyrer til utover året.
Elevane kan få øvd på både det å plassere månadar til riktig årstid, leggje dei i riktig rekkjefølgje med ulik startmånad og få samtala/drøfta om kva for aktivitetar ein kan drive på med til kva for tid på året.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr30.00
Rapporter misbrukI dette «spelet» skal elevane øve seg på å kjenne att mengder.
Tala 1-10 har fått kvar sitt brett. På brettet med talet 2 skal elevane leggje ei brikke på alle representasjonane som viser mengda til 2. Mengdene blir vist med symbol, tierramme, terning, fingrar, terning, prikkar og teljestrekar.
Aktiviteten kan vere fin å nytte på stasjonar og vil kunne vere sjølvgåande etter introduksjon.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda