Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Desember betyr adventsstund! I skulen òg. Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande. Vi nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der vi har ulike gåver. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
kr10.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 5.0 av 5 (1 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Her finn du 48 oppgåvekort der kort 1-24 er i talområdet 0-20 og med ei nummerert tallinje på, medan kort 25-48 er i talområdet 0-100 og med ei opa tallinje på. Tallinjene på kortet viser til kva for tallinje det kan vere hensiktsmessig å nytte for å løyse oppgåva.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna kjenne att bokstavane og deretter farge den aktuelle delen etter fargekorden øvst på arket.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt bokstavane ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukBokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng om kva for båt som er til kvar bokstav.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette spelet arbeidar vi med omgrepa til posisjonane i posisjonssystemet vårt og på å sjå kva for siffer som er på dei ulike plassane/posisjonane.
Skriv ut anten med fargar eller versjonen i svart/kvitt på farga papir. Korta er lurt å skrive ut på litt tjukkare papir slik det ikkje visast gjennom. Eg har òg lagt inn ei bakside til desse korta dersom det er ønskjeleg. Dersom ein ikkje ønskjer å ha med desse skriv de berre ut annakvar side (berre oddetalssidene).
2-4 spelarar på same brett. Spelarane finn seg noko som spelbrikke og set på start. Legg alle tilhøyrande kort med sida ned, eller ev. i ei opa boks. Første spelar trekk eit kort og les kva som står. Flytt brikka til det feltet som passar best til teksten på kortet. Det kan vere både framover og bakover! Vinnaren av spelet er den spelaren som først landar på talet som er i «MÅL», eller ev. spelaren som er nærast mål når tida er ute (dersom ein nyttar spelet på ein stasjon).
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukDet å ha ei eiga klokke ein kan snurre på og nytte i arbeidet med å lære seg klokka kan både vere motiverande og nyttig. I tillegg får barna moglegheita til å forstå meir om oppbygginga av klokka og 60-talssystemet medan dei lagar den.
Denne klokka blir stor og fin, og ein finn mykje informasjon på den. Du plasserar tala 1-12 på (som på ei vanleg klokke) i tillegg til at dei som ønskjer å skrive på 13-23 har moglegheit til det. Lappane som skrivast på gir informasjon om korleis ein seier kva klokka er når minuttvisaren peikar på dette talet og korleis dei to bakerste sifra på digitalklokka ville ha sett ut.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukAv og til er det hensiktsmessig at elevane er med på å dele opp i grupper slik dei er sikre på at gruppene er tilfeldige. Då er det kjekt med kort å trekkje.
I denne fila finn du 9 ulike sett med kort som kan vere fine å nytte til tilfeldig gruppeinndeling.Nokre av setta er laga slik at det berre er å skrive ut dei aktuelle sidene og deretter er dei tilpassa antal grupper og antal elevar i kvar gruppe som er spesifisert. Dei andre setta er laga som at ein kan ha eit gitt antal grupper og så skriv ein ut like mange eksemplar av sidene som ein ønskjer å ha elevar i kvar av gruppene.
kr19.00
Rapporter misbrukFoldsævegen 60, 3870 Fyresdal
Org.nr: 929 182 472
Mottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vibeke Westheim-Karlsen –