Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Desember betyr adventsstund! I skulen òg. Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande. Vi nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der vi har ulike gåver. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
kr10.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 5.0 av 5 (1 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Bokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng om kva for båt som er til kvar bokstav.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får elevane øve seg på å summere pengar. Ein kan òg nytte korta til å øve på å kjenne att myntar/lappane våre.
I opplegget finn ein 36 sparegrisar som alle har kvar sin sum på kor mykje som er oppi sparegrisen. Til kvar sparegris finn ein tre kort som viser tilsvarandre sum, vist på tre ulike måtar. BÅDE FARGE OG SVART/KVITT!
Aktiviteten passar fint på ein stasjon etter at ein har arbeidd litt med myntane/lappepengane våre først. Om ein tillett litt småprat på stasjonane så er det enkelt for elevane å samarbeide og hjelpe kvarandre. Då kan dei som ev. treng meir støtte på verdien til kvart mynt/lapp få hjelp av medelevane sine.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukI dette «spelet» skal elevane øve seg på å kjenne att mengder.
Tala 1-10 har fått kvar sitt brett. På brettet med talet 2 skal elevane leggje ei brikke på alle representasjonane som viser mengda til 2. Mengdene blir vist med symbol, tierramme, terning, fingrar, terning, prikkar og teljestrekar.
Aktiviteten kan vere fin å nytte på stasjonar og vil kunne vere sjølvgåande etter introduksjon.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDet å rekne med tid er veldig vanskeleg! Tenk at vi har så kompetansemål som går på dette når det faktisk handlar om å rekne innføre eit heilt anna talsystem enn det vi arbeidar med elles. SJUKT!
I det opplegget her så får elevane øve seg på å rekne med tid, både med analog og digital klokke.
Opplegget er perfekt å nytte i stasjonsarbeid eller i små grupper.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får ein arbeidd med det å skrive forteljingar, skumle forteljingar. Temaet er perfekt rundt halloween, men sjølvsagt mogleg å arbeide med elles òg!
Elevane får trekkje stad, karakterar, problem og gjenstandar som skal vere med i forteljinga. På denne måten er ein ikkje avhengig av at alle elevane kjem med eigne idèar eller brukar lang tid på å tenkje kva dei skal skrive om. Det følg med 4 arbeidsark der ein får arbeidd meir med staden og karakterane i tillegg til oppbygging av forteljinga før skrivearbeidet startar.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr49.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten får elevane øvd på å sjå to- og tresifra tal både i utvida form og i standardform.
Aktiviteten gjennomførast ved at elevane først trekk/«flippar» ein hundrar, ein tiar og ein einar. Dette legg grunnlaget for arbeidet vidare. Her har eg to alternativ, anten at eleven skal teikne det dei fekk på korta eller at dei slepp det og går rett vidare. Vidare skal elevane skrive verdien til kvart av korta. Fekk dei til dømes 3 hundrarar, 0 tiarar og 7 einrar skriv dei under: 300 + 0 + 7. Vidare skal dei skrive talet på standardform, 307, og med tekst, tre hundre og sju.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukFoldsævegen 60, 3870 Fyresdal
Org.nr: 929 182 472
Mottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vibeke Westheim-Karlsen –