Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Sorteringskort med namn på månadar og årstider i tillegg til bilete med aktivitetar som høyrer til utover året.
Elevane kan få øvd på både det å plassere månadar til riktig årstid, leggje dei i riktig rekkjefølgje med ulik startmånad og få samtala/drøfta om kva for aktivitetar ein kan drive på med til kva for tid på året.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr30.00
Rapporter misbruk– forklare korleis ein kan beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender (etter 2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
I dette spelet får elevane øvd seg på å finne ti meir og ein mindre. Her er tre ulike versjonar: «10 meir», «10 mindre» og «10 meir, 10 mindre». På denne måten kan ein tilpasse spelet til elevane.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr20.00
Rapporter misbrukDesember betyr adventsstund! I skulen òg. Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande. Vi nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der vi har ulike gåver. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
kr10.00
Rapporter misbrukAreal 4 er oppgåvekort der elevane skal telje seg fram til arealet og deretter samanlikne dei to figurane. Kva for eit areal er størst? Oppgåvekorta passar til elevar som har lært litt om areal, men som framleis er på «telje antal einingar»-stadiet.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får ein arbeidd med det å skrive forteljingar, krimforteljingar. Temaet er perfekt rundt påske, men sjølvsagt mogleg å arbeide med elles òg! Då kan det vere enkelte kort ein vil ta bort. Dette vil ein kanskje gjere med dei få religiøse korta som er med òg. Det tilpassar ein sjølvsagt etter eigne ønskjer og elevane sine behov.
Elevane får trekkje stad, karakterar, problem og gjenstandar som skal vere med i forteljinga. På denne måten er ein ikkje avhengig av at alle elevane kjem med eigne idèar eller brukar lang tid på å tenkje kva dei skal skrive om. Det følg med 4 arbeidsark der ein får arbeidd meir med staden og karakterane i tillegg til oppbygging av forteljinga før skrivearbeidet startar.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr49.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna kjenne att bokstavane og deretter farge den aktuelle delen etter fargekorden øvst på arket.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt bokstavane ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette spelet skal elevane øve seg på å veksle pengar oppover. Altså, at dei får meir og meir.
Spelet er enkelt og lett å lære seg. Elevane kan nytte dette på stasjonar når ein har arbeidd litt med veksling slik at i alle fall nokre på gruppa har kontroll og ev. kan hjelpe medelevane sine. Spelet gir mest øving når det blir spelt i par, men det er mogleg å spele 3 eller 4 òg.
Ein kan bestemme kor mange terningar elevane skal nytte når dei spelar. Eg nyttar gjerne to eller tre. Då går spelet litt fortare, men dei får òg øving i å leggje saman summen på terningane.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukFoldsævegen 60, 3870 Fyresdal
Org.nr: 929 182 472
Mottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda