Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Denne plakaten er fin å ha på veggen for å minne barna på kva for siffer som gjer at ein skal runde oppover og kva for siffer som gjer at ein skal runde nedover.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr15.00
Rapporter misbruk«Gjømme å leite» er det vi kallar «gjemsel» på mi dialekt. Og det er nettopp det denne oppgåva går ut på!
Set opp egga med bokstavar, tal eller høgfrekvente ord i ein «pocket chart» eller legg dei utover på eit bord/golvet. Nokon (gjerne elevar!) gøymer ein eller fleire av figurane BAK nokre egg utan at dei andre ser. Deretter kjem dei andre tilbake og må spørje den/dei som har gøymd figurane om det ligg bak bestemde egg. T.d. så kan eg spørje «Ligg den bak liten a?», «Ligg den bak 4?».
Ein kan gjere oppgåva vanskelegare ved å leggje til ein regel om at det ikkje er lov å seie bokstaven eller talet som står på lappen, men må spørje «Ligg det noko bak 2+4?» eller «Ligg det noko bak første lyden i SOL?»
Oppgåva kan både gjerast i full klasse, men passar òg godt på stasjonar når elevane veit korleis oppgåva fungerar!
BÅDE PÅ NYNORSK, BOKMÅL OG ENGELSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukHer finn du 48 oppgåvekort der kort 1-24 er i talområdet 0-20, medan kort 25-48 er i talområdet 0-100. Alle oppgåvene her øver på strategien telje vidare (med 0, 1, 2 og 3) og vi oppfordrar til å telje vidare frå høgaste addend.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukDesse oppgåvekorta skal hjelpe elevane med å få ei forståing for tala si plassering på tallinja. Eg ønskjer at elevane skal kunne bruke både lukka og opne tallinjer, og ein vil derfor finne oppgåvekort til begge deler her. Elevane kan anten arbeide individuelt eller i par. Det følg med eit svarark og ein fasit slik elevane kan sjekke seg sjølv. På korta med opne tallinjer er det gitt fire alternativ til elevane der éitt er riktig.
Oppgåvekorta er delt opp i ulike sett slik at det enkelt kan tilpassast elevane. Det er laga 24 oppgåvekort til kvart sett slik at ein kan nytte eit lykkehjul med 24 sektorar til oppgåvekorta.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukHer finn du 48 oppgåvekort der kort 1-22 er i talområdet 0-20, medan kort 23-48 er i talområdet 0-100. Oppgåvene på desse korta går på å finne det dobbelte av eller halvparten av eit oppgitt tal. Det er annakvart kort med «det dobbelte» og «halvparten» slik at ein må lese og holde tunga rett i munnen.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda