Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)
Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)
Dette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Eit superenkelt spel som kan nyttast både som enkeltståande aktivitet eller som ein aktivitet som ein del av stasjonsarbeid.
Gjennom å spele får elevane arbeidd med tiarvener og det einaste du treng er eit spelbrett til kvar spelar, 6 spelbrikker til kvar spelar og éin terning.
Elevane byt på å kaste terningen. Dei finn tiarvenen til talet som visast på terningen og legg brikka si på dette talet på spelbrettet. Dersom der allereie ligg ei brikke, får dei ikkje lagt ned noko. Spelaren som først har lagt ned alle sine brikker/fylt brettet sitt vinn spelet.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukBokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. I denne fila finn du 3 sett med bokstavkort der kvart sett har ulik bakgrunn. På denne måten er det lett å skilje setja frå kvarandre.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukSpelet «Senk skipa» er min versjon av spelet «Battleship». Her spelar ein to og to (ev. to par mot kvarandre) og ein skal prøve å senke skipa til dei andre. Før spelet kan starte må elevane markere i sitt koordinatsystem kva dei ulike skipa skal stå.
I pakken her får du to størrelsar:
– Både ditt eige og motstandaren sitt skip på same arket. (Kvar spelar treng 1 ark – litt mindre størrelse på koordinatsystemet)
– Ditt eige og motstandaren sitt skip på to ulike ark. (Kvar spelar treng 2 ark)
De finn 6 brett (i begge størrelsane) som har ferdige utfylte skip slik elevane kjappare kjem i gong.
Eg anbefalar å laminere den største størrelsen (der kvar spelar treng 2 ark) slik desse kan nyttast om att og om att. Ein kan då feste sine eigne skip på ei bok som står mellom spelarane t.d. medan ein har arket som dei skal bruke for å finne motstandarane sine skip på bordet framføre seg. Den mindre størrelsen kan vere fin dersom de veit at barna ikkje rekk å spele ferdig og de ønskjer at dei skal fortsetje ein annan dag. Då kan dei skrive namn på og setje i perm/leggje i skuffa si til neste gong.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette heftet skal elevane rett og slett øve seg på å skrive siffer og tal på riktig måte. På kvar linje skal dei skrive sifferet/talet så mange gongar dei får plass til. På kvar linje skal dei òg teikne ein sirkel rundt det sifferet/talet som blei finast. Dette for å gjere dei bevisste på korleis tala skal sjå ut og for å skrive så fint dei kan undervegs.
Til min store overraskelde er det nokre elevar i kvar gruppe som faktisk ELSKAR å arbeide med finskrift. Kanskje fordi dette er noko alle elvane føler dei meistrar uansett korleis dei skriv?
Eg har delt inn fila i fleire delar:
– Siffer 0-9
– Tala 10-20
– Tala 20-50
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. På kvart kort er det ein illustrasjon av eit gresskar.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir info under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukElevane skal her nytte ein whiteboard-tusj til å skrive på tala som kjem før og etter tallet på kortet. Det kan vere greitt å ha ei tallinje eller ei hundrarrute (alt etter kva elevane er vande med) som elevane kan sjå på for å få hjelp i arbeidet sitt.
Opplegget er i talområde 0-100.
Perfekt i stasjonsarbeid!
FUNGERAR FINT BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda