Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Klasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du enkle tallinjer frå 0-103 (berre fordi det passa med sidene å fortsetje til 103).
Du kan anten klippe ut alle tala på kvar sine kort og elevane skal leggje dei i rekkjefølgje, eller du kan klippe ut ei og ei rad og deretter leggje/henge dei opp etter kvarandre.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får ein arbeidd med det å skrive forteljingar, skumle forteljingar. Temaet er perfekt rundt halloween, men sjølvsagt mogleg å arbeide med elles òg!
Elevane får trekkje stad, karakterar, problem og gjenstandar som skal vere med i forteljinga. På denne måten er ein ikkje avhengig av at alle elevane kjem med eigne idèar eller brukar lang tid på å tenkje kva dei skal skrive om. Det følg med 4 arbeidsark der ein får arbeidd meir med staden og karakterane i tillegg til oppbygging av forteljinga før skrivearbeidet startar.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr49.00
Rapporter misbrukBokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. I denne fila finn du 3 sett med bokstavkort der kvart sett har ulik bakgrunn. På denne måten er det lett å skilje setja frå kvarandre.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten får barna vist, både for seg sjølv og de som lærar, kva han/ho meistrar innføre temaet. Nytt det gjerne i slutten av temaperioden slik det er kjend stoff for elevane. De kan òg dele opp fasiten og berre dele ut oppgåver innføre ein og ein kategori etter kvart som de arbeidar med det.
Kategoriane som er med her er: trekkje frå 10 og 100, rekning med Base10, tal på utvida form (ikkje direkte subtraksjon, men likevel relevant), bruk av tenkjeboks, bruk av tallinje, reknestykker med symbol (både ved sida av kvarandre og oppstilt), finn feilen i utrekninga og det å sjekke løysinga si ved hjelp av addisjon.
Eg har mine kort i ei Pringles-boks og derfor namnet «Mattegull» frå «potetgull». Det er kome ein ny størrelse på boksene som er litt lengre enn dei gamle, og det er derfor de finn to sider med instruksjonar i ulik størrelse.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr39.00
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. På kvart kort er det ein illustrasjon av eit gresskar.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir info under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukHer er fem bingospel i talområdet 0-10 med fem ulike representasjonar. Elevane skal trekkje eit talkort og deretter sjå om dei har talet på brettet sitt. Dersom dei har det får dei leggje ei brikke oppå det akutuelle talet. Ein kan bestemme om det berre er spelaren som trekk kortet eller om det er alle som får leggje ei brikke på sitt tal. Det er om å gjere å få fylt brettet sitt først.
Båtbingo: Symbol – prikkar
Cookiebingo: Symbol – fingrar
Ananasbingo: Symbol – teljestrekar
Klubbebingo: Symbol – terningar
Orangebingo: Symbol – tiarramme
«Klubbe» er mitt dialektord for «kjærlighet på pinne» 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda