Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Desember betyr adventsstund! I skulen òg. Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande. Vi nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der vi har ulike gåver. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
kr10.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 5.0 av 5 (1 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Sorteringskort med namn på månadar og årstider i tillegg til bilete med aktivitetar som høyrer til utover året.
Elevane kan få øvd på både det å plassere månadar til riktig årstid, leggje dei i riktig rekkjefølgje med ulik startmånad og få samtala/drøfta om kva for aktivitetar ein kan drive på med til kva for tid på året.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr30.00
Rapporter misbrukDette spelet kan nyttast for å bli kjend med medelevar eller ev. andre elevar og vaksne. Ein kan òg bruke spelet etter sommarferien når det er lenge sidan ein har sett kvarandre.
Utstyr:
– 2-4 spelarar
– Ei brikke til kvar spelar
– Ein terning (gjerne med tre sider)
Elevane treng kvar si spelbrikke som dei set på start-feltet. Dei byt på å kaste terning og flytte brikka si tilsvarandre antal ruter. Fortel om/gjer det som står i ruta og på denne måten bli kjend med den eller dei du spelar saman med.
Målet elevane vil føle på er sjølvsagt det å kome i mål først, men det eigentlege målet er at elevane skal bli kjend med kvarandre.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr20.00
Rapporter misbrukHer har du moglegheita for å føre oversikt over gladmeldingane du sender heim til kvar enkelt familie. Vi veit vel alle at det ikkje er så enkelt å ha oversikta i hovudet.
To versjonar; analog til å skrive ut og digital via Google Rekneark. Tilpass det til det som er mest effektivt for deg.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna kjenne att bokstavane og deretter farge den aktuelle delen etter fargekorden øvst på arket.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt bokstavane ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDenne plakaten er fin å ha på veggen for å minne barna på kva for siffer som gjer at ein skal runde oppover og kva for siffer som gjer at ein skal runde nedover.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukI denne pakken er det 30 oppgåvekort med oppgåver der ein får arbeidd med telje vidare-strategien i talområdet 0-10. Du finn kort både med og utan korg rundt tiarramma og i både farge og i svart/kvit. Det kan vere fint å skrive ut svart/kvit-versjonen på farga ark.
Saman med oppgåvekorta finn du eit svarark + fasit som elevane kan nytte til å notere ned løysingane sine på dei ulike oppgåvene og deretter rette seg sjølv.
Korta kan nyttast på ulike måtar. Til dømes i stasjonsundervisning der ein legg alle korta utover bordet eller elevane trekk frå ei boks. Ein kan òg bruke det som «math the room» der ein heng korta opp rundt om i klasserommet/uterommet og elevane går rundt og løyser oppgåvene der dei heng.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukFoldsævegen 60, 3870 Fyresdal
Org.nr: 929 182 472
Mottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vibeke Westheim-Karlsen –