Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Desember betyr adventsstund! I skulen òg. Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande. Vi nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der vi har ulike gåver. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
kr10.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 5.0 av 5 (1 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Multiplikasjon må først og fremst forståast, men ein bør kanskje «pugge» noko òg? Desse korta kan nyttast til det. Aktiviteten kan til dømes vere fin på stasjonar eller som «eg er ferdig»-arbeid. Korta kan nyttast på mange ulike måtar! I fila er det skildra ein måte å gjere det på 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – dobling og halvering.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
Som vaksen så ser vi at det fort kan bli relativt likt, men det er kanskje berre fint?
kr35.00
Rapporter misbrukPlakatar til å henge opp i klasserommet for hjelpe elevane med dei to reglane vi har for partal og oddetal.
Etter eg hadde hengt opp mine (som kom veldig høgt på veggen pga veggplass) fann eg ut at eg vil skrive dei ut i halvparten av størrelsen òg for å setje på ein ring. Desse korta kan vi då enklare bruke på stasjonar og når elevane arbeidar.
Du finn dei både på bokmål og nynorsk i same fil.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukI dette «spelet» skal elevane øve seg på å kjenne att mengder.
Tala 1-10 har fått kvar sitt brett. På brettet med talet 2 skal elevane leggje ei brikke på alle representasjonane som viser mengda til 2. Mengdene blir vist med symbol, tierramme, terning, fingrar, terning, prikkar og teljestrekar.
Aktiviteten kan vere fin å nytte på stasjonar og vil kunne vere sjølvgåande etter introduksjon.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal elevane øve seg på å byggje tal opp av einarar, tiarar og hundrarar før ein adderar. Denne aktiviteten kan vere med å «byggje ei bru» frå leik og utforsking til standardalgoritma for subtraksjon. Ein får òg sett at ein posisjon blir «full» når ein får ti eller fleire. Då får ein øvd seg på veksling.
I denne pakken finn du berre talmatter med plass itl 3 siffer. Dette fordi du skal sleppe å dobbeltsjekke alle reknestykka med to siffer for løysingar på over 100. Dersom du likevel ønskjer ei matte med berre plass til tiarar og einarar finn du denne i pakken «Tal på utvida form – trekk og bygg».
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukHer finn du 48 oppgåvekort der kort 1-24 er i talområdet 0-20 og med ei nummerert tallinje på, medan kort 25-48 er i talområdet 0-100 og med ei opa tallinje på. Tallinjene på kortet viser til kva for tallinje det kan vere hensiktsmessig å nytte for å løyse oppgåva.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukFoldsævegen 60, 3870 Fyresdal
Org.nr: 929 182 472
Mottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vibeke Westheim-Karlsen –