Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er ein samlepakke med alle opplegga mine om temaet tid, kalender og klokka.
Opplegga passar fint til stasjonsarbeid.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr120.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Bokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. I denne fila finn du 3 sett med bokstavkort der kvart sett har ulik bakgrunn. På denne måten er det lett å skilje setja frå kvarandre.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukDette er ein sjølvdreven aktivitet der elevane får øvd seg på å skrive tala 0-20 riktig. Eleven finn fram opp til seks fargar og bestemmer kva for tal som skal gi kva for farge ved å farge blyanten ved sida av det aktuelle talet. Deretter trillar eleven terningen for å bestemme kva for farge som skal nyttast for å skrive det neste talet på arket.
Ein kan òg bestemme at eleven skal spore det store talet med alle fargane dei har plukka ut før/etter dei andre tala.
Super aktivitet til bruk på stasjonar!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna kjenne att bokstavane og deretter farge den aktuelle delen etter fargekorden øvst på arket.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt bokstavane ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI dette opplegget får elevane øve seg på å summere pengar. Ein kan òg nytte korta til å øve på å kjenne att myntar/lappane våre.
I opplegget finn ein 36 sparegrisar som alle har kvar sin sum på kor mykje som er oppi sparegrisen. Til kvar sparegris finn ein tre kort som viser tilsvarandre sum, vist på tre ulike måtar. BÅDE FARGE OG SVART/KVITT!
Aktiviteten passar fint på ein stasjon etter at ein har arbeidd litt med myntane/lappepengane våre først. Om ein tillett litt småprat på stasjonane så er det enkelt for elevane å samarbeide og hjelpe kvarandre. Då kan dei som ev. treng meir støtte på verdien til kvart mynt/lapp få hjelp av medelevane sine.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukAreal 2 er oppgåvekort der elevane skal farge eit areal med eit bestemd antal ruter. Løysingsarket består av tomme rutenett på 4×4 som elevane skal farge i. Her bestemmer elevane sjølv både farge og kva for ruter som skal danne det oppgitte arealet. Sidan løysingsmuligheitene er mange følg det derfor ikkje med noko fasit.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukDette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – dobling og halvering. Det er lagt til to nivå, A og B, der spel A er i talområde 0-20, medan spel B er i talområde 0-100.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
kr35.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda