Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Desember betyr adventsstund! I skulen òg.
Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande.
Nokre nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der ein har ulike gåver/fine ord/små aktivitetar. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
Deling og salg er ikke tillatt, så send heller linken til de du vil dele med slik de får kjøpt det selv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 4.5 av 5 (2 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
I dette spelet får elevane øvd seg på å finne ti meir og ein mindre. Her er tre ulike versjonar: «10 meir», «10 mindre» og «10 meir, 10 mindre». På denne måten kan ein tilpasse spelet til elevane.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr20.00
Rapporter misbrukI regn rommet heng ein opp oppgåvekorta rundt om i rommet, ev. ute dersom vêret tillet det eller ein likar å vere ute uansett vêr, og elevane går rundt med eit notatark. På kvart oppgåvekort er det bilete av ein gjenstand saman med oppgåva, gjenstanden viser til kvar på notatarket dei skal skrive løysinga på oppgåva. Er det bilete av ein bil på oppgåvekortet skal dei skrive løysinga si ved sida av bilen på notatarket.
Det finnast to ulike fargeversjonar på korta, alt etter kor mykje farge ein likar eller kommunen tillet at ein nyttar 🙂
Aktiviteten kan fint nyttast som ein aktiv stasjon i stasjonsundervisninga, men kan òg nyttast som ein sjølvstendig aktivitet.
BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du enkle tallinjer frå 0-103 (berre fordi det passa med sidene å fortsetje til 103).
Du kan anten klippe ut alle tala på kvar sine kort og elevane skal leggje dei i rekkjefølgje, eller du kan klippe ut ei og ei rad og deretter leggje/henge dei opp etter kvarandre.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukKorta her handlar om talrekkjer og teljing med 10 og 100 om gongen. De finn to ulike nivå. Nivå 1 har 0 på einarplassen i alle tal. Nivå 2 har einarar. Skriv gjerne ut dei ulike arka i kvar sine fargar for å skilje korta frå kvarandre.
Ein kan nytte korta på ulike måtar:
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukI dette opplegget skal elevane representere talet som er skrive på den aktuelle togvogna. Dette kan gjerast på ulike måtar, alt etter kvar elevane er i utviklinga og kva de har arbeidd med i klasserommet: gjenstandar (blyantar, steiner, brikker osb.), med prikkar eller tala på terningar, teljestrekar, tierbrett (ligg vedlagt), cuisenaire/Noomer, pengar, tallinje, Base 10 og heilt sikkert fleire måtar!
Fin aktivitet til stasjonsarbeid der elevane kan samarbeide om dei er usikre! For å tilpasse dei ulike elevane/gruppene kan ein nytte vognene i svart/kvitt og skrive ut på farga ark der ein tek med dei vognene ein ønskjer til dei ulike nivåa. Dette er fint når nokre arbeidar med tala 1-10, medan andre er klar for 1-20 t.d.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukElevane nyttar kuber til å byggje ulike figurar med halloween-tema. Når dei har bygd figuren skal dei telje kor mange brikker dei har brukt av kvar farge og skrive dette på sida. På denne måten får ein kombinert finmotorikk med teljetrening. Figurane vil vere i same størrelse som faktiske teljekuber og dei fleste typar teljekuber med ulike fargar kan nyttast.
Figurane i svart/kvitt er laga for at elevane skal kunne bestemme korleis figurane skal sjå ut sjølv. Då kan dei leggje ein kube av kvar av dei aktuelle fargane ved dei blanke kubane på sida før dei skriv talet på kor mange det er.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vibeke Westheim-Karlsen –
vigdis Leirvik –