Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Arbeidsark der elevane skal skrive inn tala som manglar i talrekkjene. Arka som er i talområde 0-10 og 10-20 har berre rekkjer der ein tel med éin om gongen, medan dei arka som er i talområde 10-100 og 100-1000 har ulike stegtellingar som elevane må finne fram til før dei kan fylle inn dei manglande tala.
Det følg med fasit til alle arbeidsarka dersom ein ønskjer at elevane skal «rette» seg sjølv.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukKompetansemål:
– eksperimentere med teljing både framlengs og baklengs, velje ulike startpunkt og ulik differanse og beskrive mønster i teljingane (2. trinn)
– plassere tal på tallinja og bruke tallinja i rekning og problemløysing (2. trinn)
– kjenne att og beskrive repeterande einingar i mønster og lage eigne mønster (2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Lappar til å henge rundt den analoge klokka for å hjelpe elevane å sjå kor mange minutt det er sidan klokka var heil og dermed gjere det enklare å kople analog og digital klokke saman. I tillegg ser det veldig fint ut i klasserommet 🙂
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for båt som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal elevane øve seg på å byggje tal opp av einarar, tiarar og hundrarar før ein subtraherar. Denne aktiviteten kan vere med å «byggje ei bru» frå leik og utforsking til standardalgoritma for subtraksjon. Ein får òg sett at ein posisjon blir «tom» når ein ikkje har fleire å trekkje frå. Då får ein øvd seg på veksling.
I denne pakken finn du berre talmatter med plass itl 3 siffer. Dersom du likevel ønskjer ei matte med berre plass til tiarar og einarar finn du denne i pakken «Tal på utvida form – trekk og bygg».
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI denne fila finn du 6-7 kort per talmengde representert ved talord, talsymbol, teljestrekar, terning, mengde, fingrar og tiarramme. Du finn både ein versjon med farge og ein versjon i svart/kvitt.
Korta kan nyttast på fleire vis! Det kan vere sorteringskort på ein stasjon – legg alle korta med same mengde samla. Dei kan nyttast for å karlegge elevane rundt teljing, mengdeforståing, kopling av representasjonar og tal. Dei kan òg nyttast for å arbeide med «subitizing» (det å kjenne att ei talmengde du berre får sett kort). Du kan plukke ut ein representasjon frå kvar mengde og få elevane til å leggje korta i rekkjefølgje frå lågast til høgst. Nytt dei til å trekkje eit tal for å fortsetje talfølgja eller for å finne éin meir eller éin mindre. Moglegheitene er mange 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI regn rommet heng ein opp oppgåvekorta rundt om i rommet, ev. ute dersom vêret tillet det eller ein likar å vere ute uansett vêr, og elevane går rundt med eit notatark. På kvart oppgåvekort er det bilete av ein gjenstand saman med oppgåva, gjenstanden viser til kvar på notatarket dei skal skrive løysinga på oppgåva. Er det bilete av ein bil på oppgåvekortet skal dei skrive løysinga si ved sida av bilen på notatarket.
Det finnast tre ulike fargeversjonar på korta, alt etter kor mykje farge ein likar eller kommunen tillet at ein nyttar 🙂
Aktiviteten kan fint nyttast som ein aktiv stasjon i stasjonsundervisninga, men kan òg nyttast som ein sjølvstendig aktivitet.
BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDette er ein sjølvdreven aktivitet der elevane får øvd seg på å skrive tala 0-20 riktig. Eleven finn fram opp til seks fargar og bestemmer kva for tal som skal gi kva for farge ved å farge blyanten ved sida av det aktuelle talet. Deretter trillar eleven terningen for å bestemme kva for farge som skal nyttast for å skrive det neste talet på arket.
Ein kan òg bestemme at eleven skal spore det store talet med alle fargane dei har plukka ut før/etter dei andre tala.
Super aktivitet til bruk på stasjonar!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda