Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Desember betyr adventsstund! I skulen òg. Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande. Vi nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der vi har ulike gåver. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
kr10.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 5.0 av 5 (1 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Her har du moglegheita for å føre oversikt over gladmeldingane du sender heim til kvar enkelt familie. Vi veit vel alle at det ikkje er så enkelt å ha oversikta i hovudet.
To versjonar; analog til å skrive ut og digital via Google Rekneark. Tilpass det til det som er mest effektivt for deg.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal elevane øve seg på å byggje tal opp av einarar, tiarar og hundrarar før ein subtraherar. Denne aktiviteten kan vere med å «byggje ei bru» frå leik og utforsking til standardalgoritma for subtraksjon. Ein får òg sett at ein posisjon blir «tom» når ein ikkje har fleire å trekkje frå. Då får ein øvd seg på veksling.
I denne pakken finn du berre talmatter med plass itl 3 siffer. Dersom du likevel ønskjer ei matte med berre plass til tiarar og einarar finn du denne i pakken «Tal på utvida form – trekk og bygg».
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDet å rekne med tid er veldig vanskeleg! Tenk at vi har så kompetansemål som går på dette når det faktisk handlar om å rekne innføre eit heilt anna talsystem enn det vi arbeidar med elles. SJUKT!
I det opplegget her så får elevane øve seg på å rekne med tid, både med analog og digital klokke.
Opplegget er perfekt å nytte i stasjonsarbeid eller i små grupper.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukDette spelet kan nyttast for å bli kjend med medelevar eller ev. andre elevar og vaksne. Ein kan òg bruke spelet etter sommarferien når det er lenge sidan ein har sett kvarandre.
Utstyr:
– 2-4 spelarar
– Ei brikke til kvar spelar
– Ein terning (gjerne med tre sider)
Elevane treng kvar si spelbrikke som dei set på start-feltet. Dei byt på å kaste terning og flytte brikka si tilsvarandre antal ruter. Fortel om/gjer det som står i ruta og på denne måten bli kjend med den eller dei du spelar saman med.
Målet elevane vil føle på er sjølvsagt det å kome i mål først, men det eigentlege målet er at elevane skal bli kjend med kvarandre.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr20.00
Rapporter misbrukHer finn du 2 aktivitetar og 2 spel.
I «tabelloversikta» kan elevane øve på å fylle ut og dermed dra nytte av å ha sett mønster og eigenskapar for å gjere det kjapt. Gjer dette fleire gongar og samanlikn gongane med kvarandre (kor lang tid brukte du? Ev. kor langt kom du deg på same tida?)
I «stegtelling med talet X» er tanken at elevane skal farge tala som høyrer til i denne gangetabellen for deretter å kunne sjå mønster.
Begge spela har med ei eiga side med reglar. Skriv ut dobbelsidig og få reglane på baksida 🙂 I «Supermultiplikasjon er det om å gjere å samle flest poeng ved å gå rundt på brettet og løyse multiplikasjonsstykker. I «Nærast mogleg ein hundrings» arbeidar ein med multiplikasjon som rutenett (areal) og skal fylle det store rutenettet så godt som råd.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukAv og til er det hensiktsmessig at elevane er med på å dele opp i grupper slik dei er sikre på at gruppene er tilfeldige. Då er det kjekt med kort å trekkje.
I denne fila finn du 9 ulike sett med kort som kan vere fine å nytte til tilfeldig gruppeinndeling.Nokre av setta er laga slik at det berre er å skrive ut dei aktuelle sidene og deretter er dei tilpassa antal grupper og antal elevar i kvar gruppe som er spesifisert. Dei andre setta er laga som at ein kan ha eit gitt antal grupper og så skriv ein ut like mange eksemplar av sidene som ein ønskjer å ha elevar i kvar av gruppene.
kr19.00
Rapporter misbrukFoldsævegen 60, 3870 Fyresdal
Org.nr: 929 182 472
Mottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vibeke Westheim-Karlsen –