Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Dette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på ein reknestrategi – telje vidare. Det er lagt til to nivå, A og B, der spel A er i talområde 0-20, medan spel B er i talområde 0-100.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
Som vaksen så ser vi at det fort kan bli relativt likt, men det er kanskje berre fint?
kr35.00
Rapporter misbruk– utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag (etter 2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Desse oppgåvekorta skal hjelpe elevane med å få ei forståing for tala si plassering på tallinja. Eg ønskjer at elevane skal kunne bruke både lukka og opne tallinjer, og ein vil derfor finne oppgåvekort til begge deler her. Elevane kan anten arbeide individuelt eller i par. Det følg med eit svarark og ein fasit slik elevane kan sjekke seg sjølv. På korta med opne tallinjer er det gitt fire alternativ til elevane der éitt er riktig.
Oppgåvekorta er delt opp i ulike sett slik at det enkelt kan tilpassast elevane. Det er laga 24 oppgåvekort til kvart sett slik at ein kan nytte eit lykkehjul med 24 sektorar til oppgåvekorta.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukDet å ha ei eiga klokke ein kan snurre på og nytte i arbeidet med å lære seg klokka kan både vere motiverande og nyttig. I tillegg får barna moglegheita til å forstå meir om oppbygginga av klokka og 60-talssystemet medan dei lagar den.
Denne klokka blir stor og fin, og ein finn mykje informasjon på den. Du plasserar tala 1-12 på (som på ei vanleg klokke) i tillegg til at dei som ønskjer å skrive på 13-23 har moglegheit til det. Lappane som skrivast på gir informasjon om korleis ein seier kva klokka er når minuttvisaren peikar på dette talet og korleis dei to bakerste sifra på digitalklokka ville ha sett ut.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du det du treng til dag og dato både på bokmål, nynorsk og engelsk. Alt er både i små og store bokstavar slik du kan tilpasse det som passar deg og dine elevar.
Sjå meir informasjon under!
BÅDE PÅ BOKMÅL, NYNORSK OG ENGELSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for båt som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir info under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukBokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. Det er til saman 9 forskjellege prinsar/prinsesser på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for prins/prinsesse som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukI denne aktiviteten skal barna kjenne att bokstavane og deretter farge den aktuelle delen etter fargekorden øvst på arket.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt bokstavane ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda