Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)
Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)
Dette er eit spel som er laga for å øve spesifikt på å avgjere om eit tal er partal eller oddetal.
Ein kan vere 1-4 spelarar. Kvar spelar har si spelbrikke som startar i ei av dei store, tomme «rutene». I midten av brettet saman med dyra legg ein ei bestemt mengde teljebrikker eller liknande (kanskje 12 eller 15 kan vere greie mengder å starte med). Første elev kastar ein eller to terningar (her bestemmer ein sjølv!) og flyttar spelbrikka si like mange felt i spelretninga. Spelaren løyser oppgåva han/ho har landa på. Dersom ein er einige om at løysinga er riktig får spelaren ta ei teljebrikke frå midten av brettet. Deretter er det neste spelar sin tur.
Spelet er over når alle brikkene frå midten av brettet er tatt. Då tel spelarane opp sine brikker og det er den som har flest brikker som har vunne spelet.
Som vaksen så ser vi at det fort kan bli relativt likt, men det er kanskje berre fint?
kr35.00
Rapporter misbruk– utforske og beskrive generelle eigenskapar ved partal og oddetal (etter 2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
Dette er ei teikneoppgåve som passar både for store og små og den kan nyttast i fleire ulike samanhengar. Eg ser føre meg at dei kan nyttast som oppsummering av kalenderåret eller skuleåret, oppsummering av sommarferien, bli kjend-oppgåve med ny klasse, sjå på framtidsdraumar eller nyttårsforsett. Her er det igrunn berre fantastien som set grenser.
Arbeidsarket inneheld ein iPhone med ein tom «Instagram-profil» som skal fyllast ut. Øvst skal ein skrive namn, kallenamn, alder og interesser, eller noko anna om ein vel sidene med tomme linjer. Det er tre ulike versjonar av profilen, 4×3 tomme ruter, 3×3 tomme ruter med plass til å skrive eit ord under og 3×3 tomme ruter med ferdig utfylte ruter under. Benytt den som passar deg best!
Desse blir ekstra fine å henge opp i klasserommet om ein klipp dei ut og limar dei på litt kartong 🙂
kr15.00
Rapporter misbrukHer finn du 48 oppgåvekort der kort 1-24 er i talområdet 0-20, medan kort 25-48 er i talområdet 0-100. Alle oppgåvene her øver på strategien telje vidare (med 0, 1, 2 og 3) og vi oppfordrar til å telje vidare frå høgaste addend.
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
(Gi beskjed om du ønskjer småteksten på kvart kort omsett til nynorsk, så fiksar eg)
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukElevane skal her nytte ein whiteboard-tusj til å skrive på tala som kjem før og etter tallet på kortet. Det kan vere greitt å ha ei tallinje eller ei hundrarrute (alt etter kva elevane er vande med) som elevane kan sjå på for å få hjelp i arbeidet sitt.
Opplegget er i talområde 0-100.
Perfekt i stasjonsarbeid!
FUNGERAR FINT BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukHer finn de ulike ark ein kan nytte som arbeidsmatte når ein skal halde på med arealmodellen for multiplikasjon. Skriv gjerne ut på ulike fargar om ein ønskjer å ha fleire av mattene i klasserommet samstundes. Då er det enklare for elevane òg å skilje dei mellom kvarandre. Det kan vere greit å laminere eller leggje inn i plastmapper slik at elevane kan skrive på med tusj og deretter ta det bort.
Ein kan nytte konkretar for å representere tal i dei ulike rutene, eller ein kan skrive direkte inn i dei.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukI denne samlepakken finn de alle mine tal- og bokstavkort, til no 6 ulike produkt. Eg vil ev. leggje til fleire tema dersom eg lagar fleire dei som allereie har pakken vil få. Prisen vil stige for kvart produkt som blir lagt til. Talkorta inneheld tala 0-104, medan bokstavkorta inneheld små og store bokstavar. Legg merke til at dinosaurtemaet har 3 ulike bakgrunnar.
Pakken inneheld akkuart no 6 produkt:
– Talkort med båttema
– Bokstavkort med båttema
– Talkort med prinsessetema
– Bokstavkort med prinsessetema
– Talkort med dinosaurtema
– Bokstavkort med dinosaurtema
kr126.00 Opprinnelig pris var: kr126.00.kr95.00Nåværende pris er: kr95.00.
Plakatar til å henge opp i klasserommet for hjelpe elevane med dei to reglane vi har for partal og oddetal.
Etter eg hadde hengt opp mine (som kom veldig høgt på veggen pga veggplass) fann eg ut at eg vil skrive dei ut i halvparten av størrelsen òg for å setje på ein ring. Desse korta kan vi då enklare bruke på stasjonar og når elevane arbeidar.
Du finn dei både på bokmål og nynorsk i same fil.
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda