Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

I denne fila finn du 6-7 kort per talmengde representert ved talord, talsymbol, teljestrekar, terning, mengde, fingrar og tiarramme. Du finn både ein versjon med farge og ein versjon i svart/kvitt.
Korta kan nyttast på fleire vis! Det kan vere sorteringskort på ein stasjon – legg alle korta med same mengde samla. Dei kan nyttast for å karlegge elevane rundt teljing, mengdeforståing, kopling av representasjonar og tal. Dei kan òg nyttast for å arbeide med «subitizing» (det å kjenne att ei talmengde du berre får sett kort). Du kan plukke ut ein representasjon frå kvar mengde og få elevane til å leggje korta i rekkjefølgje frå lågast til høgst. Nytt dei til å trekkje eit tal for å fortsetje talfølgja eller for å finne éin meir eller éin mindre. Moglegheitene er mange 🙂
FUNGERAR BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKompetansemål:
– utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane (2. trinn)
Gjennomsnittlig rangering: 0.0 av 5 (0 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
I denne aktiviteten skal barna kjenne att talsymbola/-orda eller løyse reknestykka i biletet og deretter farge den aktuelle delen med fargen som samsvarar med koden øvst på arket. Altså, du les talordet «to». Du ser øvst på arket og finn ut kva for farge talordet «to» skal ha. Farg området.
Når barnet er ferdig har han/ho farga heile biletet. Ein kan, om ein ønskjer at barna skal «rette» seg sjølv, henge opp eit ferdig farga bilete som dei kan samanlikne med.
Tips!: Ikkje alle barn likar å farge. Kanskje kan desse få ein avtale om at dei berre treng å lage eit lite merke med riktig farge slik at ein kan sjå at dei har funne denne? Det er jo trass alt matematikken ein skal øve på her, ikkje fargedugleikane 🙂
NB!: Dette er ein gratisversjon med éit bilete. For å kjøpe heile pakken med 8 bilete kan du følgje linken her: Kodefarging – Påske – tallene 0-20
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukBokstavkort med dei norske bokstavane, både store og små. Det er til saman 9 forskjellege prinsar/prinsesser på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for prins/prinsesse som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar. Sjå beskrivelse for meir informasjon.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du talplakatar med både skrivemåte og fire representasjonar til kvart tal. Plakatane er i talområdet 0-20.
BÅDE PÅ BOKMÅL, NYNORSK OG ENGELSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukDette arbeidsarket er for elevane å fylle inn informasjon sjølv om ulike reknestykker. Anten bestemmer du reknestykke eller elevane bestemmer sjølv.
Reknestykker skal representerast på ulike måtar:
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
GRATIS
Rapporter misbrukKlasseromsdekor i fargenyansane «lys regnboge». I denne fila finn du lappar/kort med alfabetsporing. Nedst finn du bokstavane med svarte rammer dersom du ikkje vil/har moglegheit til å ha farge på.
Desse kan nyttast på fleire måtar:
FUNGERAR BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukI regn rommet heng ein opp oppgåvekorta rundt om i rommet, ev. ute dersom vêret tillet det eller ein likar å vere ute uansett vêr, og elevane går rundt med eit notatark. På kvart oppgåvekort er det bilete av ein gjenstand saman med oppgåva, gjenstanden viser til kvar på notatarket dei skal skrive løysinga på oppgåva. Er det bilete av ein bil på oppgåvekortet skal dei skrive løysinga si ved sida av bilen på notatarket.
Det finnast tre ulike fargeversjonar på korta, alt etter kor mykje farge ein likar eller kommunen tillet at ein nyttar 🙂
Aktiviteten kan fint nyttast som ein aktiv stasjon i stasjonsundervisninga, men kan òg nyttast som ein sjølvstendig aktivitet.
BÅDE PÅ NYNORSK OG BOKMÅL!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr19.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vurderinger
Det finnes ingen vurderinger enda