Her på undervisningsbyen finner du mange utgivere i mange forskjellige kategorier. Finn akkurat det du trenger til din undervisning,
Skap, del og selg ditt undervisningsmateriell.
Velg selv om du ønsker å dele gratis eller tjene noen kroner på jobben du har gjort.
Prisen er helt opp til deg! Velg om du ønsker en gratis konto (motta 55% i provisjon) eller Pluss abonnementet (motta 85% i provisjon)

Desember betyr adventsstund! I skulen òg.
Det finnast uendeleg med moglegheiter i kva for type kalender ein vel. Her har eg laga nummerlappar til kalender der ein har noko som er pakka inn (eller noko anna om ein er meir kreativ enn meg!). Eg tenkjer at det i klasserommet til dømes kan vere innpakka bøker til høgtlesing eller ein gjenstand som skal vise til ein aktivitet ein skal halde på med. Ein kan òg gøyme ein lapp på baksida av nummerlappen der det står ein aktivitet, namnet på ein eller fleire elevar som skal få noko eller liknande.
Nokre nyttar òg desse lappane til julekalenderen til dei tilsette der ein har ulike gåver/fine ord/små aktivitetar. Dei vaksne må jo tross alt kose seg litt ekstra i desember dei òg!
Deling og salg er ikke tillatt, så send heller linken til de du vil dele med slik de får kjøpt det selv 🙂
kr10.00
Rapporter misbrukGjennomsnittlig rangering: 4.5 av 5 (2 Stemmer)
Liker du dette produktet? Vi setter stor pris på om du kan ta deg tid til å gi din vurdering.Du må logge inn for å kunne gi en vurdering.
“Sprekk boblene” er eit enkelt spel der elevane arbeidar med tiarar og einarar. Ein sjølvgåande aktivitet der elevane lærar medan dei spelar spel.
Aktiviteten er fin å ha på ein stasjon. Elevane blir berre glad dersom dei rekk å spele fleire runder.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr29.00
Rapporter misbrukI denne samlepakken finn de alle mine tal- og bokstavkort, til no 6 ulike produkt. Eg vil ev. leggje til fleire tema dersom eg lagar fleire dei som allereie har pakken vil få. Prisen vil stige for kvart produkt som blir lagt til. Talkorta inneheld tala 0-104, medan bokstavkorta inneheld små og store bokstavar. Legg merke til at dinosaurtemaet har 3 ulike bakgrunnar.
Pakken inneheld akkuart no 6 produkt:
– Talkort med båttema
– Bokstavkort med båttema
– Talkort med prinsessetema
– Bokstavkort med prinsessetema
– Talkort med dinosaurtema
– Bokstavkort med dinosaurtema
kr126.00 Opprinnelig pris var: kr126.00.kr95.00Nåværende pris er: kr95.00.
I dette opplegget får ein arbeidd med det å skrive forteljingar, juleorteljingar. Temaet er perfekt i førjulstida. Det er berre staden «kyrkje» og gjanstandane «engel» og «stjerne» som er utprega religiøst, elles er det julenissar, slvar, reinsdyr, lys, gåver, peis, leiker og liknande som dei flest held på med i førjulstida her i Noreg uavhengig av tru. Ein tilpassar sjølvsagt etter enkeltelevar der det trengst 🙂
Elevane får trekkje stad, karakterar, problem og gjenstandar som skal vere med i forteljinga. På denne måten er ein ikkje avhengig av at alle elevane kjem med eigne idèar eller brukar lang tid på å tenkje kva dei skal skrive om. Det følg med 4 arbeidsark der ein får arbeidd meir med staden og karakterane i tillegg til oppbygging av forteljinga før skrivearbeidet startar. I tillegg så er det lagt med ein sjangerplakat om juleforteljing som t.d. kan hengast opp på veggen.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr49.00
Rapporter misbrukTalkort med tal frå 0-104. Det er til saman 9 forskjellege båtar på korta utan at det er noko samanheng mellom kva for båt som er til kva for tal.
Desse korta kan brukast på mange ulike måtar – sjå meir under.
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr25.00
Rapporter misbrukDet å rekne med tid er veldig vanskeleg! Tenk at vi har så kompetansemål som går på dette når det faktisk handlar om å rekne innføre eit heilt anna talsystem enn det vi arbeidar med elles. SJUKT!
I det opplegget her så får elevane øve seg på å rekne med tid, både med analog og digital klokke.
Opplegget er perfekt å nytte i stasjonsarbeid eller i små grupper.
BÅDE NYNORSK OG BOKMÅL!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar). Spesielt dersom du finn feil eller ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr35.00
Rapporter misbrukDette spelet kan nyttast for å bli kjend med medelevar eller ev. andre elevar og vaksne. Ein kan òg bruke spelet etter sommarferien når det er lenge sidan ein har sett kvarandre.
Utstyr:
– 2-4 spelarar
– Ei brikke til kvar spelar
– Ein terning (gjerne med tre sider)
Elevane treng kvar si spelbrikke som dei set på start-feltet. Dei byt på å kaste terning og flytte brikka si tilsvarandre antal ruter. Fortel om/gjer det som står i ruta og på denne måten bli kjend med den eller dei du spelar saman med.
Målet elevane vil føle på er sjølvsagt det å kome i mål først, men det eigentlege målet er at elevane skal bli kjend med kvarandre.
BÅDE PÅ BOKMÅL OG NYNORSK!
Eg set stor pris på tilbakemelding (ris, ros og konstruktive tilbakemeldingar) spesielt dersom du finn noko feil eller du ser ting som kunna blitt betre 🙂
Deling og sal er ikkje tillatt, så send heller linken til dei du vil dele med slik dei får kjøpt det sjølv 🙂
kr20.00
Rapporter misbrukMottar du gratis ressursene, oppdateringene og spesialtilbudene vi sender ut måndelig?
Nettsiden er utviklet av Webco AS
Vi står selv på gulvet hver dag og vet hvor mye som hviler på skuldrene våre. Derfor har vi laget et verktøy som ikke krever tid å lære – men gir lavere skuldre fra første minutt. Vi tilbyr 30 dager gratis – helt uten forpliktelser.
Vibeke Westheim-Karlsen –
vigdis Leirvik –